Vi vil særleg utfordre partia på følgjande spørsmål:

 

Kvar skal grensa gå for oppdrett i Hjørundfjorden?

 

Korleis ynskjer partia at Ørsta reiselivslag skal brukast i reklame for Hjørundfjorden?

 

Kva prioritet har den nye reguleringsplanen for prestegardsjorda i Sæbø sentrum?

 

Korleis skal næring på Bjørke utviklast (utanom jordbruk)?

 

Skal Sæbønes-feltet få fleire bustader? I så fall, kva vil kommunen subsidiere eit nedbetalt byggjefelt med? 

 

Kva veit de om Hjørundfjord bygdemobilisering?

 

Korleis sikre skyssbåtdrift på Hjørundfjorden?

 

Kva er viktigast? Hytter eller landbruk? 

 

Korleis skal problemstillinga kring 420 lV-lina angripas?

 

Skal Asgeir Standal få lov til å utvikle Standal åleine? 

 

Kvar skal turistskipkaia for Ørsta liggje? 

 

Dette er berre få spørsmål som gjeld Hjørundfjorden. Alle parti er velkomne til å leggje inn blogg. Det skjer under "artiklar". Først må de registrere dykk, og deretter er det berre å skrive kva de vil. Spesielt inviterer vi Hjørundfjord-kandidatar, som Bodil Skare, Ola Perry Saure, Knut Aamås, Asgeir Standal og Steffen Nordang,Men vi tek i mot innlegg uansett parti.