ÅØS fekk første målet etter fint spel der Sunniva var sist på ballen og sette den sikkert i mål. Litt etter sende Malene ballen i nota etter eit kjempeløp for å unngå at ballen gikk ut, og vi trudde at dette skulle bli lett..
Det viste seg at Sykkylven hadde ein overraskelse i bakhand til oss. Tre mål fikk dei inn før pausa og vi låg under 2-3.
Andre omgang starta fint for jentene. Etter nokre få minutts spel sende Malene ballen i mål og det var 3-3. Etter 13 min. kunne Maren sende ballen i nettet etter fint samspel med Malene. Forsvaret fungerte fint og heile laget samspelte.
5-3 kom ved fint solospel av Maren. Sykkylven skora rett før slutt og resultatet vart 5-4 til ÅØS.
Else Marie var målvakt også denne kampen og greide seg godt.
Flott spel av heile laget!
Mari,Hilde, Bente, Kristine, Dorthea, Grethe, Malene, Emilie og Solveig.
Else Marie, Ingeborg, Maren, Simone og Ingeborg. Ragnhild og Sunniva manglar.
Bildet er teke i Ulsteinvik i vår.
Kommentarar