I vårserien tapte jentene 1-6 mot Dalsfjord så vi var spent på om vi hadde vorte så mykje bedre som vi trur..

Kampen gjekk på grusbana på Dravlaus. Begge laga hadde sjansar men Sæbø/Åmdal fekk inn første målet etter fint samspel der Else Marie avslutta med å sette ballen kontant i mål.
Laga følgde kvarandre gjennom heile første omgang og resultatet var 2-2 ved pausa.
Andre omgong starta med tre raske mål til Sæbø/Åmdal før Dalsfjord etterkvart reduserte til 4-5.
Ida fekk seg ein skalle i nasa og måtte forlate bana ei stund men kom sterkt tilbake!
Det vart nokre spennande minutt der begge laga hadde gode sjansar til å skåre før Malene fastsette sluttresultatet 6-4 og siger til oss!
Måla kom ved Malene 3, Jenny 2 og Else Marie 1. Liv Grete hadde ein veldig god kamp i mål!
Flott innsats av heile laget!!!!!!!!
Desse var med i dag: Torill, Elisabeth, Jenny, Liv Grete, Ida, Rebekka, Kathrine, Malene og Else Marie.

opp
Skal vi?? JA!!

opp1
Ta i alle mann, (jenter..)! Elisabeth og Rebekka, dokke med. Det var Rebekka som fann på det!

opp2
På vei! Saman greier vi alt!

opp3
Snart oppe ;)

jippii
JIPPIII!!  Vi er best!!!

Norwaycup 2007 102
Liv Grete på toppen!

Bilda er frå Norway Cup.