Laget består av jenter så å seie frå alle kantar av kommuna, frå Håvoll til Hjørundfjorden. Det er Åmdal som har hovudansvaret og Roger Holen trenar jentene.
Heimekampane blir stort sett spelte i Åmdalen.

Etter å ha vunne alle kampane sine i vårsesongen rykte jentene opp i 1 div. i haust. Dei to beste laga i kvar pulje rykkjer opp, så det blir spennande å følge jentene gjennom hausten.

Mandag var dei til Stranda som vi meinte å vite var svært gode. Og det vart ein veldig spennande kamp. Å/Ø/S skora første målet etter eit fint gjennomspel av Malene, neste mål var til Stranda. Laga følgde kvarandre heile vegen før Maren fastsette resultatet 4-3 og siger til Å/Ø/S.
Målskorarar var Malene, Sunniva og Maren (2).
Laget har ikkje fast målvakt så jentene delar på den jobben, denne gong var det Else Marie som vokta buret.

Neste kamp er på Legene tirsdag 28.august kl 18.00 mot Sykkylven 1.
ø
Rastepause på kaia på Øye mens vi vente på ferga. Kjempefin rasteplass, anbefalast!
 
J14 Åmdal/Ørsta/Sæbø: Bak f.v. Grethe, Hilde, Bente, Emilie og Else Marie.
Rad to f.v. Mari, Ingeborg, Maren, Ingeborg, Sunniva og Ragnhild.
Framme f.v. Simone, Kristine og Malene.