Her er me komne til lissehauen, her er ei utruleg utsikt frå bondalen, sæbø, og fjorden alle vegane!
Verdt ein tur opp!
Her er me på toppen, frå venstre, Siw, Haldis, Kanutte, Hilde, Janneche, Unni, Alvhild, Linda, Ruth, Bodil, Helga og Randi.
Bakgrunnen her er fjella i nordangdalen.
Her er vi også på toppen, her er bakgrunnen framover Bondalen.
Nokre av oss var med sist, andre hadde ikkje vore der før, men alle storkosa seg over utsikta.
Turbyte! (25.08.2007 kl. 21:06)
Eg skal lodde stemninga, det får helder våge at me kjeme litt seint.
Hadde vore fint om fleire kunne sei frå her om dei vil på Risestøylen.
Eller snakk med meg eller Haldis.
Bodil Skare
Stygge linjer (25.08.2007 kl. 13:11)
Sjå på bilde nr.1,kor skjemmande ei slik "lita" linje er.Kva da med gigantlinja som det vert trua med? Elles er det triveleg med desse mandagsturane.Vi kjem oss ut,får god trim og det er sosialt.Ekstra kjekt at Janneche har komt seg så godt at ho kan delta igjen.Ho var på Tryvatna dagen etter,det er sprekt.Komande mandag vert det Risestøylen for min del.Kanskje kunne turane vore stokka om denne mandagen? Berre ein tanke.
Helga Mo Riise