Superjentene

Malene Aambakk, Kathrine Brekke, Elisabeth Melle, Jenny Karin Valset, Liv Grete Stokke, Else Marie Stokke, Rebekka Stokke, Ida Elin Åmaas, Tirill Holen, Rebekka Skylstad  og Torill Haugen Øye . Det er bronsejenter å vere stolte av.

Jentene på Sæbø/Åmdal har prestert ein av tidenes idrettsprestasjonar i Hjørundfjorden. Det er vel berre Monica Hjellen sitt NM-gull i slalåm for juniorar og Kathrine Nydahl sitt NM-gull i fotball som kan sidestillast i moderne tid. Monica representerte Åmdal IL, og Kathrine representerte Røa FK då dei vann sine titlar.

 

Det spesielle no er at jentene representerer moderklubben sin, og at det er snakk om ein lagidrett..

Sæbø IL har forresten gjort det godt i Norway Cup tidlegare. I 2004 vart gutelaget nummer fem, etter å ha kome til kvartfinalen. Det same skjedde året før.Ein av suksessfaktorane er at Sæbø reiser til Norway Cup utan press. Det viktigaste er at gruppa skal ha det løye sosialt, og så får resultata kome etter kvart. Det er mange vennskap som er utvikla under Norway Cup, og det må framleis vere hovudfokus.

Dette er bronsejentene: Malene Aambakk og Kathrine Brekke (begge frå Åmdal IL), og Elisabeth Melle, Jenny Karin Valset, Liv Grete Stokke, Else Marie Stokke, Rebekka Stokke, Ida Elin Åmaas, Tirill Holen, Rebekka Skylstad  og Torill Haugen Øye frå Sæbø IL. Trenar for laget har vore Emile van Embden, frå Haag og Sæbø. Mari-Anne Bjørdal er oppofrande oppmann.

Dette er jenter og lagleiing å vere stolte av.

Oppmann Mari-Anne Bjørdal fekk seg eit lite sjokk fredag føremiddag. Etter at Sæbø tapte semifinalen mot Hald, som seinare vann finalen, vart ho kalla inn på teppet. Men det var ikkje farleg. Ho fekk beskjed om at Sæbø/Åmdal hadde ver så god å møte på finalen om ettermiddagen. Norway Cup legg nemleg vekt på sigersseremonien, og arrangørane ville ha med jentene for å ta i mot pokalen for tredjeplassen.

Ekstra artig er det at Sæbø/Åmdal delte plassen med nabobygda Hellesylt. For jentene frå Sunnylven IL var det andre tapande semifinalelaget. Nummer to vart Spjelkavik. Dei tapte 1-5 for Hald i finalen. Det vil seie at Hald vart eit fortent vinnar, medan dei tre andre laga i semifinalen var ganske jamne.

Medan jentene på Sæbø/Åmdal, Spjelkavik og Sunnylven deltek i jenteserien, spelar jentene til Hald i seriesystemet for seniorar. Det kan forklare den fysiske skilnaden sunnmørs-jentene opplevde i møtet med Hald.

hjorundfjord.no oppmodar brukarane til å bruke kommentarfeltet til å gratulere jentene med den fantastiske innsatsen.