P1010200 (Large)

Helleristningar i Hjemmeluft ved Alta.

Der det finns særskilt sjåverdige attraksjonar, vert det sett opp brune skilt langs vegen.  Tek eg ikkje heilt feil, er det ingen  attraksjonar i Møre og Romsdal som er funne verdige til å ha brune skilt, men i Alta i Finnmark finn ein fleire av dei.  Dei syner til den nye og moderne attraksjonen med namnet Alta Museum.  Sjølve namnet er ikkje hipt og kult, men stopp der om du får sjangsen.

Om du køyrer nordover langs E6 møter du Alta Museum like før du kjem inn til Alta sentrum.  Staden heiter Hjemmeluft.  Museet ligg like ved vegen og går du tvers gjennom dette flotte bygget, er du midt i helleristningsfeltet.  Sjølve bygget og museet er av den moderne typen.  Inne er det fleire utstillingar - både faste og mellombelse, men sjølv om desse utstillingane er fantastiske, også for dei unge, så la oss konsentrere oss om dei ca. 6000 helleristningane som til no er funne.

P1010191 (Large) (2)

Mellom dei ulike helleristningsfelta er det laga gangvegar.  Det er sjølvsagt for å hindre slitasje på terrenget.  Vi ser her ut Altafjorden.

Dei eldste helleristningane er over 6000 år gamle og ligg ca. 25 meter over havet.  Dei yngste - ca. 2000 år - ligg nesten nede ved strandkanten. Kvifor?  Etter det vi fekk forklart, vart alle helleristninane laga ved på glattskura berg ved hav-/strandkanten.  Etter kvart som isen trekte seg tilbake, vart landet heva.  Dermed forstår vi kvifor.

Men kvifor vart helleristningane laga?  Eg tek med ei setning frå eit hefte - ein guide: Hensikten var å utføre forskjellige rituelle handlinger for å sørge for fremtiden samt å takke åndene for deres støte i tiden som var gått.

Flesteparten av helleristningane langs gangvegane er måla raudbrune.  Denne fargen skal visstnok også vere brukt til å måle figurar direkte på fjellet utan å fyrste vere hogd ut.  Men:  Når helleristningane vert avdekte og måla, vert dei på ein måte øydelagde.  Dei sa arkeolog Mari Arntzen til meg og Jakob.  Mari Arntzen er nyutdanna arkeolog og jobba no i sommar i helleristningsfeltet.

P1010202 (Large)

Arkeolog Mari Arntzen frå Alta. (Men med far frå Sunnmøre).

Ho fortalde oss at helleristningane slett ikkje er lette å finne.  Først må mosen/vegetasjonen fjernast frå dei aktuelle områda, deretter vert fjellet vaska m.a. med sprit og så vert helleristningane måla med raudbrun farge for at vi tursitar skal få sjå dei.  Men igjen; Når helleristningane går gjennom denne prosessen vert dei på ein måte øydelagde.  Difor er slett ikkje alle helleristninar i området avdekt og vil heller ikkje bli det.

P1010203 (Large)

Her er fjellet vaska med sprit, men helleristningen er ikkje måla.  Ikkje lett å sjå.

Under ser vi eit døme på kor vanskeleg det var å finne helleristningane.  Eit feste for bardunering av ei høgspentlinje vart slått ned i berget midt i eit felt.  Helleristningane vart først oppdaga då nokon tok tak i bardunen for å klatre opp på berget.

P1010215 (Large)

Desse helleristningane vart ikkje oppdaga før lenge etter at bardunfestet var på plass.

Sjølvsagt skulle vi gjerne ha oppdaga slike helleristningar her i Hjørundfjorden.  Tenk for ein attraksjon det ville ha vore, men her hadde nok Alta litt meir flaks enn  det som vanleg er.  Eg veit ikkje kor mange besøkande Alta museum har, men det er mange.  Likevel undra det meg at det var få av dei besøkande som var der då vi var der, som snakka austlandsk.  Ein skal kanskje ikkje reise nordover på ferie?  Men i alle høve var det mange utlendingar der.

P1010210 (Large)

Alta museum har mange besøkande, men flest utlendingar om sommaren?

P1010206 (Large)

Alta Museum sett frå sjøsida.  Europavegen ligg på motsett side av bygninga.

Som nemnt er det dei store helleristningsfelta som gjer Alta Museum så vidgjete, men dei åtte utstillingane som var inne, er absolutt også verdt å få med seg.  Vil du sjå Bjørn Wirkola si store premiesamling, vil du lære meir om nordlyset, vil du lære meir om Altaelva, vil du lære meir om krig og fred i Finnmark, vil du......, ja, ta ein tur innom.

Eg nemner berre frå den flotte krigsutstillinga i kjellaretagen (Jakob på snart 13 likte den svært godt).  Her kunne vi t.d. lære om nedbrenninga av Finnmark under siste krig.  Visste du at ca. 11000 bustadhus, 116 skular, 27 kyrkjer og 21 sjukehus vart brent ned? Og at 31500 telefon- og straumstolpar vart kutta-/sprengt av?

Men det er langt å reise til Finnmark så seint på sommaren, men du kan no starte med å lese meir her:  http://www.alta.museum.no/

Sjekk også her: http://www.alta.museum.no/Publisering.asp?Id=14