NM i mobakkeløp vart arrangert no sist laurdag. Som vi hugsar vart dette NM-et i fjor arrangert i Ørsta (Saudehornet rett opp). I år var utgangspunktet for motbakkeløpet Turtagrø Hotell(868 m.o.h.) og målsnora var etter 8,5 km på toppen av Fanaråken(2068 m.o.h.). Hjørundfjordingen Håvard Myklebust deltok for Hovdebygda IL.
Håvard på veg mot den 2068 meter høge Fanaråken.
Ikkje uventa fekk Håvard ei svært god tid. Sist helg deltok nemleg Håvard også i "Saudehornet rett opp" der han fekk den gode tida 1.06.47. Han betra dermed tida si frå i fjor i dette løpet med ca. eitt minutt. Med tida 1.20.53 i årets NM i motbakkeløp vart han altså nummer åtte i si klasse. hjorundfjord.no gratulerer.
Håvard deltek i klassa M 16 - 17 og vart i vår ferdig med ungdomsskulen. Snart startar han på vidaregåande skule på Stranda. For den som ikkje veit, kan det opplysast at Håvard sin spesialitet innan idretten er langrenn. Det kan elles opplysast at hjorundfjord.no kjenner til at for ca. 14 dagar sidan brukte Håvard rett i underkant av 50 minutt på ein treningstur til Skårasalen (frå skiltet/pila).
I herreklassa var det sjølvsagt Jon Tvedt som vart vinnaren.
Jon Tvedt vann Herreklassa.
Kommentarar
Har våre spreke Storfjordinger før også og fleire kjem sikkert til.
Bjørke IL hadde mange gode i fridrett i 70 åra Dei tok med seg heim mange madaljer på Kretsmesterkapet.
Sverre sa at han neste var skjemd fordi dei tok så mange medaljer.
Eg trur det var på 100 meter -Høgdehopp-lengsprang-og andre nokre andre kastøvelser både jenter og gutter var med.
Mange som driv friidrett på Sæbø?