Eg har sett den krysse vegen, bort til elverampa. Det er å håpe at den greier seg. Men bilane er nok farlegare enn Risekattane.
Martinus såg ein katt som sprang etter den, og den skreik stygt. Men etter nokre dagar var den på plass att, beitande på plenen. I dag tidleg sat den med store auger og togg på blad og gras att.

Klikkar du på biletet så ser du den betre.
I 1969 vart det eit storår på småvilt, men det krydde av lemen. Det kan verte bra i år også. Eg såg endå til eit rasande lemen i råsa framom Stokkesetra ein kveld. Det er lenge sidan sist!
I området ved Bondalseidet er det vanlegvis ein langt tettare harebestand enn her i nedste del av dalen. På 50 talet, då eg var smågut, var det hardtrakka harevegar i Pe fonnene. Men så kom den vekk, og har aldri greidt å etablere seg skikkeleg seinare.
Den tida fanst det ikkje hjort. Så kvar tid har sin fauna. Kanskje opplever vi å fortelje til etterkomarane våre om då det krydde av hjort i Bondalen. Eit krakk i bestanden kjem nok før eller sidan.
No snakkar vi om den gongen det krydde av pjakk og laks i elva. Men der er årsaka kjend. Og vi kjem nok aldri til å oppleve det att. Til det ligg det for mykje profitt i oppdrettsnæringa.
Det er i alle fall triveleg når ein får sjå dyr og fuglar attmed husa som ikkje er så vanlege.
Jasegeita (13.08.2007 kl. 16:29)
I Ivar Aasen boka: Ordbog over det norske Folkesprog av Kristoffer Kruken og Terje Aarset står det at Jasegjeit er ein hunhare
Rune Mo
Jasegeita (13.08.2007 kl. 12:59)
Då vi var små gikk Simon Aklestad rundt og tok mjølkeprøver. Han sa at dersom vi ikkje var snilde så kom jasegeita å tok oss. Den brukte å ta små unga som ikkje gjorde som foreldra sa.
Vi trudde berre sån delevis på han, for det kom så mykje rart frå den kanten når han var på hummør. Men vi heldt oss helst heime med husa etter det var mørkt....
Eva Aarskog
Same haren som på holen? (12.08.2007 kl. 22:02)
Her har også vore ein hare år på år seiast det, såg han sjølv i år, låg og sov under eit ripsbærtre:)
Prøvde og liste meg litt nær den så eg fikk et bilde av den, men då fikk den føter og springe på og sprang mot sæbø. Den stoppa på oppkjørselen vår s¨å eg fikk eit bilde av den då:)
Synnøve Mo
Jasegeita (12.08.2007 kl. 17:51)
"Høyre du jasegeita?" sa dei vaksne før. Det kan eg godt huske.
Det er hoharen dei meinte, som skreik etter make.
Harehukre, sa dei andre stader i landet.
No veit ein at det er ugle som lagar lyden, ut på seinvinteren. Her er det oftast kattugla ein høyrer. Men det var helst perleugla ein trudde var jasen. Ho er heller sjeldan å høyre her, men ein sjeldan gong ho-ho-ho-hohohoho kjem frå perleugla. Men eg meinar bestemt at det var kattugla som vart kalla jasegeit her. Hoo-hoo-hohohohoo, kan ein høyre tidleg på våren.
"Høyr jasegeita!" sa han Larsa Ole mange gongar. Og vi drog det aldri i tvil. Det var jasegeita vi høyrde. For jase var det mykje av. Ugle høyrde vi lite om. Men eg kan likevel huske at Anna Holen,som i lag med Andreas, pakta Lensmannsgarden frå 1954-60, sa ein gong at det var så ufjelt då ho høyrde fegdafuglen (ugle) i lønnene i Risetunet ein kveld."Skal tru kem sin tur det e no".
Fegdafuglen varsla død, sa dei før i tida.
Knut Riise
Ivar Aasen ville ha sagt... (12.08.2007 kl. 13:34)
Jase her, som var brukt før.Men kva var Jasegeita for noke?
Ivar Svein Mo