Og det er der, kanskje, om ein skal tru boka!

24. august er dagen ein kallar Barsok.

Dette er dagen ein reknar som første haustdagen og han varslar vêret for hausten. 

No er eg av den sorten som så vidt registrerer kva vêr vi har i dag, men korleis det var for nokre dagar sidan er verre...

Eg hugsar altså ikkje vêret vi hadde på fredag, men eg håpar det var fint.

"Er dagen klar ventes en klar høst." 

Om det ikkje var så veldig bra er eg framleis optimist. Eg synest å hugse nokre kraftige regnbyger.

"Er det stygt vær i barsokuka blir det godt høstvær. (Sunnmøre)"

Blåfjell, snø i augustNysnø bak skodda

Då er vel utsiktene gode for ein fin haust? 

I Barsoktida 20.-29. august kan ein frykte jernnettene. Desse dagane med fare for nattefrost kunne vere fatale for den som hadde korn på rot. Natt til 29. august (Johannes Halshøgg) er den verste av jernnettene.

Gamle vêrteikn er ofte etterrettelege og spennande å følgje med på.

Om småfuglane bader i vassøyler kan vi visst vente mykje regn?

Svigerfar snakka om to skoddedottar som melde regn. Den eine ligg av og til litt nede på midten av Snøhornet som vi ser framme i Bondalen, den andre ligg i Maradalen. Snøhornet ser eg godt kvar dag. Det har hendt at skoddedotten har lege der ein klårvêrsdag og eg har tenkt at aldri om det vert regn. Men regnet er der oftast innan neste dag.

Han sa og at så høg som tistelen er, så høg vil snøen verte til vinteren. Om ein då skal sjå på tistelen som veks oppom hytta til foreldra mine i Stryn kan det verte ein særs snørik vinter! Eg har aldri sett tistelen så høg.

(Er her mykje rognebær i år?)

Onkel Peder i Pe-garden på Stokke var "rå" på å melde vêret ut i frå kva himmelretning månen tenner i. Eg trur han hadde nokre lokale erfaringar i tillegg til Almanakken.  

Er det nokon som har kjennskap til sikre, lokale vêrteikn hadde det vore kjekt å få høyre om dei.

Eg er i alle fall ikkje heilt ferdig med sommaren endå og satsar på solrike dagar i september!