Så er hausten komen og skulen har starta på eit nytt skuleår. Vi startar med blanke ark og fargestiftar til, som vi syng i Prøysen sangen "du skal få ein dag i morga". For nokre er alt nytt og spennande, dette gjeld såvel elevar som føresette.

20.august2007 017

Dette er dei nye 1. klassingane og nokre av dei føresette. Kontaktlærar for desse spente elevane er Åsta Halse Bjørdal.

20.august2007 019

Som De kanskje ser så var det ikkje berre eg som var ute med fotoapparat på denne merkedagen.

20.august2007 020

Her har vi årets 2. klassingar, dei er 12 elevar og deler klasserom med 3. klasse som er 6 elevar. Kontaktlærar for dei er Hilde Norang.

20.august2007 021

"Veteranane", dvs elevane i 4.- 10. klasse starta dagen og skuleåret med ei felles samling i gymsalen med velvalgte ord frå rektor Oddny Flugekvam.

20.august2007 022

20.august2007 023

Som Dykk ser har vi mange kjekke elevar ved skulen vår, men desverre så går elevtalet nedover. Dette skuleåret er her 87 elevar, 55 på barnesteget og 32 på ungdomssteget. Vi er 18 tilsette i ulike stillingsprosentar, med ulike arbeidsoppgåver. Nytt dette skuleåret er at Oddny Flugekvam er tilsett som rektor og Johannes Halland som inspektør.

Vil samstundes nytte høvet til å minne alle saman om å ta med i morgon svarlapp ang. skulefrukt og skulemjølk. Elles så er eg, Siw kontorsekretær, litt usikker på kva/ korleis vi skal gjere det med innhenting av nye telefonnummer. Vi tok ei full runde med alle elevar forrige skuleår og reknar med at vi har stort sett dei rette telefonnummera til alle heimar, men dersom du har skifta jobb eller mobilnummer  og trur at vi har det gamle er det fint om du sender ein mail til skulen eller ein liten lapp med eleven din.

 

Lukke til med eit nytt skuleår til alle elevar og tilsette ved Sæbø skule. Vil også seie lukke til på vidaregåande skule til Dykk som gjekk ut i vår.