No går det mot slutten for Skårakjerringa! Frå Urke ser vi denne formasjonen i ein bre under Skårasalen. Kvart år er det same prosessen...
Vi har følgt henne gjennom siste månaden frå 1. juli som - ungmøy, lettbeint og fjong - til 8. juli - heller tung og halvgått i eit kortvarig svangerskap - og no ser ho slik ut: Tjukk og uveisom. Beina har svikta og i neste vekene vert ho fullstendig konturlaus og omgjort til vatn i Hjørundfjorden.
1.juli:

8. juli:

1. august:

Ja, slik kan det gå her i verda...
Vi takkar for i år - og velkomen tilbake neste år - og neste år - og neste år ....
Og på Urke vil det stadig dukke opp spørsmålet: Har du sett Skårakjerringa?
..Bjørnen bak... (08.04.2008 kl. 20:11)
Når jeg kom til Urke ble jeg fortalt at bjørnen bak henne også var en del av "sagnet". At han var av den snille sorten,og fulgte henne over fjellet,hvorhen hun nå skulle:)Men den biten har jeg da kun fått fortalt fra en beboer på Urke,og aldri hørt noe annet om den. Så er litt nysgjerrig på om det kun er en meget lokal forklaring av "bildet"? (...fordi det passet inn i historien om en ekte Skår og som er ektet med en Bjørn:)
Marie Skår
Bjørnen bak? (03.04.2008 kl. 00:06)
På 1 bildet er det et bert parti bak Skårakjerringa. Med litt godvilje kan det sjå ut som en bjørn. Er det den du sikta til Marie? Og kva er historia bak bjørnen?
Eva Aarskog
Men...Bjørnen bak henne (02.04.2008 kl. 23:06)
Etter å ha vært på Urke flere ganger hører man jo om Skårakjerringa... men jeg har da også alltid hørt om bjørnen som kommer bak henne?
Ingen andre som kjenner til den delen av "bildet"?
Marie Skår
Litt av ei dame (10.08.2007 kl. 12:47)
Takk for god forklaring, no ser eg rette kjerringa, ho er rett fin. Eg trudde ho skulle vere kvit.
Haldis Fiskå Mo
Kvar bere det av? (09.08.2007 kl. 20:05)
Eg har aldri høyrt noko sagn om Skårakjerringa eller tolking av kva ho har i sinne. Men ved neste Urketur skal deg spørje meg føre. Det vert neste helg då eg skal på Heimkome-helg saman med 400 andre - ikkje verst vel?
Men ho er der og har vore der alltid desse sommarvekene. I sommar var det gått fort, men andre somrar med meir kulde og mindre regn, kan det gå eit par månader.
Eg vil ikkje sjå bort frå at ho synest det vart einsamt heime og har teke i veg mot Hustadneset og Bondalen med tanke på å få selskap og kanskje finne seg eit brukbart karaemne - der var mange sprekingar den tida...?
Per Urke
No ser eg kjerringa.. (09.08.2007 kl. 18:04)
Eg må berre vedgå det, eg har ikkje vore heilt sikker på denne kjerringa, men etter denne pedagogiske gode forklaringa så ser eg henne no heilt klart. Ho går mot fjellet og kan like godt være ei ung brud, på det fyrste bilete, og vert meir og meir kjerring. Det er vel forskjellige sagn og tolkinga på Urke, i kva ho har som hensikt med å gå mot fjellet?
Ivar Svein Mo
Skal prøve ! (09.08.2007 kl. 08:46)
Skårakjerringa finn du i sentrum av dei tre bileta ovanfor. Sjå på den største, mest sentrale snøflekken (breen). Eit mørkt parti frå nedkant i breen og oppover, godt oppom midten i breen, viser heile figuren i profil. Ho har sid kjole og ber kjerringskaut på hovudet. Ho ser ut til å gå mot høgre (nordover) og stakken flagrar bakover (mot sør). Ho held hendene framom brystet. Ho var ikkje behov for å skjule noko, men kanskje ho går og strikkar?? Kanskje du skal dobbelklikke på bileta og sjå dei i større format? Hugs å ha fokus på midtpartiet på bileta!
Håper verkeleg at du finn ho! Hå er på besøk kvar sommar og fortener å bli sett så årviss som ho er!
Per Urke
Skårakjerringa? (09.08.2007 kl. 00:15)
Nei, eg kan ikkje sjå Skårakjerringa. Kan du kanskje forklare litt nærmare kor de på Urke tolkar denne skapningen, kvar er magen og kvar er føtene? Ho er sikkert flott når ein får auge på henne!
Haldis Fiskå Mo