Jentelaget2

Sæbø i angrep, slik laget har vore i heile Norway Cup.

 

Fredag morgon møtte Sæbø/Åmdal Hald. Det vart tap 0-5. Hald viste seg å vere eit mykje fysisk sterkare lag enn Sæbø med eldre spelarar.

I ettermiddag (fredag) skal jentene delta på sigersseremonien, der pokalen for tredjeplassen skal overleverast.

Jentene opplevde ein eventyrleg torsdag. Først vart  Vaulen slått 4-0 i åttanddelsfinalen, før Larsnes vart slått 2-1 i ein spennande kamp i kvartfinalen.

Også gutelaget har gjort det godt. Laget rauk ut av B-sluttspelet i dag med eit knipe 0-1-tap for Stordal.

Mats R. kjem med referat frå dei siste kampane så snart han får tilgang til eit trådlaust nett som fungerer.

Både jente- og gutelaget tek no turen heim att etter ei eventyrleg veke i Oslo.