Bjørkefolket har lenge vore avskorne for å kome til Sæbø og har måtte fått utført mange av sine tenester i nabokommuna Volda. Dette har vore banktenester, handel og rundtkøyring om Volda vinterstid, for å besøke sine på Hjørundfjordheimen.
Oddvar Olsen er klar til innsats for hjørundfjordingane.
Oddvar Olsen som driv skyssbåten MS Hjørundfjord har gitt ei handsrekning til folk som skal besøke Hjørundfjordheimen ei moglegheit ved å få være med tilbake til Sæbø etter han hadde skyssa doktor Hame til Bjørke på tysdagane. Dette har folk sett pris på, men ofte har dei møtte ein stengt bank denne dagen når dei skulle hjelpe sine pårørande på heimen, med å ordne med banktjenester.
Hjørundfjorden bygdemoblisering tok kontakt med Sparebank1 Volda Ørsta og diskuterte problemet med banksjef Harald Dahl, som i fyrste omgong såg litt vanskelegheiter med å flytte denne dagen banken er stengt til ein annan dag, fordi det er studiedagen til heile banken, og det er mange som måtte tilpasse seg ei slik endring, ved dagskifte.Men den imøtekomne banksjefen gav beskjed om at dette må han få sjå nermare på og banken skal gjere det ein kan for å tilpasse seg problema med tysdagsstenging på Sæbø.
Ørsta formannskap har behandla dette med bygdebåt og gjort eit politisk vedtak,før ferien, på at båten kan nyttast til dette.Idag når avdelingsjef Venke Vik Nordang ringte og sa at skulle banken endre stengingsdag så måtte ho ha klar beskjed om det vart bygdebåt på tysdagane, og det i dag. Vår gode varaordførar Ola Perry Saure vart kontakta og på kort tid var skyssbåtruta på plass.
Ei svært blid Cecilie Rørstad- Grendalagsleiar på Bjørke.
Cecilie Rørstad i Bjørke grendalag og medlem i Styringsgruppa var svært fornøgde når ho fekk beskjeden. Dette har grendalaget jobba for lenge og det er ein flott måte og binde saman fjorden att.
Banken vil no få endre sine opningstider med stengt på onsdag i stadenfor tysdag som i dag, ellers ope fire dager i veka som tidlgare. Men ordninga vert ikkje gjennomført før midt uti september, seier avdelingssjef Venke V.Nordang
Torbjørn og Gunnhild Slettedal som driv Joker på Sæbø ynskjer Bjørkefolket velkomne til å handle med dei, og det er ingen problemer i å sende varer med den nye bygdebåtruta dersom det er ynskjeleg. Torbjørn lover Bjørkefolket god service og får han bestillinga rett etter han opna kl.9.30 så er det ikkje problem i det heile å sende varer på båten.
Båten vil starte i morgon 21.august frå Sæbø kl.11.30 til Bjørke, og vil retunere omgåande til Sæbø att.(ca.kl.12.10)
Ettermiddagsturen vil starte kl.14.45 frå Sæbø og retunere frå Bjørke i fire halv femtida, alt ettersom når dr.Hame er ferdig på kontoret.
Kommentarar
Eg var i banken og handlet sogebøker så vidare til Strand Bakeri og handlet brød
God kaffi fekk eg og hos dei.
Så handlet eg mat hos Joker før e for heim.
Kaffi på Bellingen fekk eg desverre ikkje tid til.
Takk til Kommua og alle partia i formannskapet.
Eg sender kanskje bilda frå første turen til Møre Nytt.
Perry med "gamlonkel." Presentert for meg som du gjorde.
21 pjakkar fekk han på det meste på timar på 6 timar.
"Kom attende til folda, vekk frå Volda.....!"
I innlegg her på portalen har eg tidlegare freiste gjere merksam på kor gale nedlegging av ferjeleiet på Viddal var, og kor sakna "Storfjorden" i ein heil Hjørundfjord er.
Med det vart indre del av fjorden skore over. No i framtidig reiselivssatsing på Hjørundfjorden er indre del av Hjørundfjorden heilt vital.
Men SP med frontfigur(ar) skal ikkje freiste slå billig, politisk mynt på tysdagsruta Bjørke/Sæbø. Det er eit sjølvskot!
P.S
Eg synast det forøvrig ikkje frå artikkelforfattar er heilt "fair" å legge inn einsidig "reklame" for ei av dei 2 forretningane på Sæbø. Her burde båe 2 få vere representerte. Ikkje at eg trur det gjer noko, men ein beveg seg deg då "prinsippets landeveg."
Det andre du skriv om at der er to som driv handel på Sæbø var også fint du nemde og eg vurderte kva eg skulle gjere når eg skreiv nyhende. Det var viktigt at saka kom ut fort, og eg ringde T.Slettedal for å høyre hans syn og sidan der låg ferdig bilete i arkivet så laga eg ei lita tekst om dei.Vi skal sjølvsagt ikkje framheve den eine framfor den andre, men vi må prøve å skrive om den andre i eit anna høve. Eg sette ikkje opp telefonnr. så det skulle være annonse og Bellingen har det vore skreve om før, utan at Slettedal har vore nemnd. Når vi bestiller mat og nødvendinge innkjøp i bygdemobliseringa så kjøper vi vekselvis mellom desse to forretningane og brødmat på bakeriet. Vi prøver i allefall og bruke nærmiljøet vårt, men heilt rettferdigt vert det nok ikkje.
Det kvel i alle fall "vandrehististorier....!"
Elles Unn får du mi "slengarrøyst" ved valet . So la det vere sagt.
Eg vonar du kjem inn i kommunestyret. Som eg har gjeve uttrykk for tidlegare.
Bygdefolket i indre del av fjorden veit nok alle reide at M/S Hjørundfjord er god å ha - og at dei trygt kan overlate til Oddvar å få bringa varene til Bjørke.
Ønske dokkke lykke til med utvidinga av "fjårabåte"
ISMo
Takk til Helselaget som tok opp saka.
Vi treng eit Helselag i Storfjorden.
Eg har nytta båten 2 tirsdager nå.
Eg har foresten lovet Olsen å sjå litt på kaia
En leider/trapp og litt reprasjon på anleggskaia.
Eg får sjå om en kan ta det opp i laget der eg er leiar.
Vi kan kanskje pleise på en leider sammen med helselaget.
Vi kan no snakke med Tussa også.
Har ikkje glemt lovnaden Olsen!
Leider/trapp skal vi vel få på plass .