Frå laurdag morgon den 18.august klokka 0600 vert det berre tillate med flugefiske i heile Bondalselva.  Det er styreleiar Kenneth Hustad i Bondalen elveeigarlag som opplyser dette til hjorundfjord.no.

IMG_5082 (Large)

Flugefiske i elveosen til Bondalselva. (Arkivfoto)

Dei siste dagane har det vore ein diskusjon - også her på hjorundfjord.no - om Bondalselva burde stengjast for fiske.  Bakgrunnen for diskusjonen har vore det svært så dårlege laksefisket i elva denne sesongen.  No har styreleiar Kenneth Hustad i Bondalen elveeigarlag nyleg avvikla eit styremøte.

Kenneth Hustad - vert Bondalselva no stengd for alt fiskeri?

- Frå og med laurdag den 18. august,  i morgon, vert det tillate berre med flugefiske i heile elva heilt fram til elva vert stengd den 1. september.

Så elva vert ikkje heilt stengd?

- Nei, men poenget er å redusere uttaket av laks.  Vi vonar og trur at dette kan gjerast med å berre tillate flugefiske.  Truleg skulle vi ha redusert uttaket før, men  no prover vi denne måten.  Eg vil også legge til at det ikkje berre er i Bondalselva det har vore lite laks denne sesongen.  Vi i styret har vore i kontakt med fleire elveeigarlag her på Sunnmøre og også i Romsdal.  Framover mot neste år må vi diskutere kva vi kan gjere for å hindre at for mykje laks vert oppfiska/fanga.

Men kva med situasjonen i Bondalselva, vil det t.d. verte fanga stamfisk denne hausten?

- Til det siste kan eg svare at det har styret enno ikkje teke standpunkt til, men heilt klart må vi framover vinteren til neste sesong diskutere situasjonen også her.

Kan det kome på tale å redusere opningstida til neste år?

- Det ser eg ikkje bort ifrå, men kanskje er det best for Bondalen generelt å ha ei lang opningstid, men som sagt - uttaket av fisk i sesongen må avgrensast. Fiske og setje fisken fri att (catch and release) må vere eit punkt vi diskuterer.  Det må kanskje også setjast ein strengare såkalla "bag - limit" - avgrensing på kor mange fiskar ein kan få på eitt kort.

Men eg har fått opplysningar om at "bag-limit"-regelen vert omgått.  Ein tek alle fiskane ein får i løpet av t.d. eit firetimarskort, men får ein fleire enn kortet tillet, ja, då kjøper ein berre eit kort i ei anna sone i tillegg og dermed er regelen omgått.

- Ja, eg er absolutt klar over den problemstillinga.  Dette skal vi sjå på.  Kanskje må også seie ja til unge fiskarar under 16 år, men kortare fiskesesong for dei vaksne. Det er i alle høve punkt som må diskuterast.

Til slutt - kor mykje yngel vart sett ut i elva i vår etter stamfisket sist haust?

- Ca. 125.000 - langs heile vassdraget og i tilhøyrande sideelvar/småelvar.  Men igjen; eg er ikkje sikker på at tidlegare stenging/kortare sesong vil føre til meir laks i Bondalselva.  Vi grunneigarar må diskutere situasjonen.  Kanskje kan vi få til å opne elva tidlegare på sesongen, men stengje den tidlegare på hausten.