Ordførar Hans Olav Myklebust viser kor høgt fire meter er. Her flankert av Gunnar Lyshagen og Thomas Hustad.
- Det viktigaste for kommunen no er å få inn all relevant informasjon om saka. Der etter kan det verte aktuelt å halde eit informasjonsmøte på Sæbø, seier ordføraren til Møre-Nytt.
Konklusjonane til den internasjonale forskargruppa som har vurdert konsekvensane av eit fjellskred i Storfjorden, vart lagt fram i Geiranger torsdag. Konklusjonane overraska alle.
- Dette er ikkje lenger ei sak som handlar om dei fire kommunane inst i Storfjord-systemet. Heile ti kommunar kan verte råka, fortel ordførar Myklebust.
I Hjørundfjorden vil flodbølgja generelt vere på ein til to meter viss 35 millionar kbm masse rasar ut. - Stoda ser ut til å verte mest dramatisk for Sæbø, for her seier forskarane at bølgja vil nå fire meter, seier Myklebust.
Det er ikkje snakk om eit viss for Åkernes-skredet. Det handlar om når. Forskarane meiner det vil skje i løpet av eit perspektiv på frå no til om hundre til tre hundre år.
- Kommunen vil arbeide for at det vert etablert eit varslings- og beredskapssystem som gjer at ein kan få evakuert i tide, seier Myklebust.
Ordføraren fortel at det er altfor tidleg å seie kva konsekvensar dette vil ha for utbygging i strandsona i Hjørundfjorden.
Møre-Nytt har fyldig dekning av saka i utgåva laurdag 1. september.
Kommentarar
Det som no ventar er difor ufatteleg mykje verre, og då tek dei ikkje høgde for den aller største utrasinga som teoretisk kan kome. Trøysta er likevel at ein får god tid til å evakuere folk som bor i faresona.
Det viktige no er å få kunnskap om følgjene, og få etablert eit varslingssystem. Er det nokon som veit kor lang tid det gjekk frå raset i Tafjorden til bølgjene kom til Sæbø?
Kor lenge det var etter på veit eg ikkje men dei lurde på kvifor det kom slike bølger sa han.
Seinare haurde dei på radioen om raset i Tafjorden.
Her på Bjørke har dei støtt snakka om Kleiva som kan rase ut.
Blir sikker bølger då også vist det raser ut større parti av Kleiva.
Det kom mykje stein frå Bjørkehornet her en dag.
Eg synest at det raser meir og meir frå Bjørkehornet.
Eg trur her er meir ustabilt fjell mange plasser enn det vi aner.
På Leira burde den også vere noko over sjøen.
Man slepp då at bølger frå ras råker dei som er i tunellen.
Dei har no ikkje mulighet til å sjå bølgene komme dei som er inne i tunellen med bil eller til fots.
Men eg trur no det at no når dei aller beste forskarane finn fjordane våre interessante, så finn dei ei løysning for å dempe denne bølgja. Når ein greier å forandre retninga til ein komet mot jorda, så må no ein kunne laga ei motbølgje som dempar virkninga av denne frå Åkerneset.
http://www.stranda.kommune.no/artikkel.asp?AId=183&MId1=568&Back=1
Men når vi har havnet ute i universet og i Hollwood så er det nok rett att dei vil snu kometer.
Dei vil bruke atombomber eller raketter mot dei for å dele dei opp eller få dei ut av kurs.