DSCN2558

Volvoar på rekkje og rad på Sæbø.

Det var Roy-Magne Mo som fekk med seg Volvoane til Sæbø, det var nemleg Volvo-treff i Ørsta søndag, og Roy-Magne er sentral i dette arrangementet. 

- Det kom bilar frå store delar av Sunnmøre, Nordfjord, Sunnfjord og Romsdalen, fortel Roy-Magne.

På førehand har det vore ganske stille om treffet, og Roy Magne forklarar: - Vi har ikkje laga så veldig mykje styr av dette i år og stort sett berre sentrert dette rundt eit forum på nettet og så på ryktet som har gått.

- Men om dette vert bra frammøte på, satsar vi på å gjere dette til eit årleg arrangement - kanskje neste år på Sæbø, seier Roy Magne..

I så fall fekk Sæbø ein forsmak, for det var kring tjue Volvoar som kom i rekkje og rad til Sæbø søndag ettermiddag. Mange sperra augene opp der bilane etter kvart parkerte på Sæbø-plassen.