Volvoar på rekkje og rad på Sæbø.
Det var Roy-Magne Mo som fekk med seg Volvoane til Sæbø, det var nemleg Volvo-treff i Ørsta søndag, og Roy-Magne er sentral i dette arrangementet.
- Det kom bilar frå store delar av Sunnmøre, Nordfjord, Sunnfjord og Romsdalen, fortel Roy-Magne.
På førehand har det vore ganske stille om treffet, og Roy Magne forklarar: - Vi har ikkje laga så veldig mykje styr av dette i år og stort sett berre sentrert dette rundt eit forum på nettet og så på ryktet som har gått.
- Men om dette vert bra frammøte på, satsar vi på å gjere dette til eit årleg arrangement - kanskje neste år på Sæbø, seier Roy Magne..
I så fall fekk Sæbø ein forsmak, for det var kring tjue Volvoar som kom i rekkje og rad til Sæbø søndag ettermiddag. Mange sperra augene opp der bilane etter kvart parkerte på Sæbø-plassen.
Kommentarar
Fleire bileter frå treffet finn ein her:
http://www.sunnmore.net/gallery/VolvotreffetOrsta2007
Ei fin samling var det i sentrum.
Eg og Thomas H. ville kompletere ho med Thomas si gamle Volvo stasjonsvogn parkert bak kaihuset.Men Thomas fekk ikkje start!
P.S
Eg trudde "gamle Samvirket" hadde teke fyr. (Gjev det var så vel....)
Men så var det noko ungdomen kallar "burning." Stemmer det?
Neste år satsar vi på å få med amazonar, pv og kanskje ei P1800 også. Var mest ungdomen som var med i år, til neste år satsar vi på å få eit meir samansett utval - bilkultur er akkurat det, kultur , og det på tvers av alle aldrar :)
Den burde ha våre laga til.
Eg trur nokon har tatt ut motoren for overhaling.