Laurdag var gutane og eg ein tur på hytta til foreldra mine i Stryn. Vêret var varmt og fint, men utpå kvelden skya det over. I ti-tida stod der ei tjukk regnbyge inst i fjorden, det tora og lynte. Vi såg knappast fjorden, men utover var det lettare og sola var på veg ned i havet. Den skein på fjella på sørsida av fjorden og danna to - tre regnbogar som hang midt over fjorden.

regnbogar

Regnbogar i kø over fjorden. 

Ein må ha paraglider for å hente gullskatten i enden av desse regnbogane... 

 Nattbogar

Sola gjekk ned og regnbogane opp. Dei hang over fjorden i nærare to timar.

Utover

Utover fjorden var vêret lettare, med mykje blå himmel.

Godvær

Dei gamle spådomane Knut Riise snakkar om gjeld i Nordfjord og.

Søndag var godvêret tilbake.

Eit lite steg til venstre og vi kan sjå "Skålatårnet" med kikert.

(Hytta heiter Vidsyn...)