Laurdag var gutane og eg ein tur på hytta til foreldra mine i Stryn. Vêret var varmt og fint, men utpå kvelden skya det over. I ti-tida stod der ei tjukk regnbyge inst i fjorden, det tora og lynte. Vi såg knappast fjorden, men utover var det lettare og sola var på veg ned i havet. Den skein på fjella på sørsida av fjorden og danna to - tre regnbogar som hang midt over fjorden.
Regnbogar i kø over fjorden.
Ein må ha paraglider for å hente gullskatten i enden av desse regnbogane...
Sola gjekk ned og regnbogane opp. Dei hang over fjorden i nærare to timar.
Utover fjorden var vêret lettare, med mykje blå himmel.
Dei gamle spådomane Knut Riise snakkar om gjeld i Nordfjord og.
Søndag var godvêret tilbake.
Eit lite steg til venstre og vi kan sjå "Skålatårnet" med kikert.
(Hytta heiter Vidsyn...)
Kommentarar