Christian Gaard på Trandal har opplevd ei fantastisk auke i besøk den siste tida og mykje er nok utelivstilbodet og den spesielle stemninga dei har å by på å takke.

Denne sommaren tek dei oppatt tråden frå i fjor og inviterar med seg kjende fjes på same vis som i fjor då Gunnar GP hadde med seg mellom anna Heidi Hauge og Roy Martin som vart veldig populært.

Førre helg var det Arnie Skiffle-Joe Norse som spelta og song, og vart nok overraska når eit heilt orkester baud på konkurranse. Dei hadde nemleg teke med seg instrumenta sine til Trandal. 

P1010019Komande helg (6-7 juli) vert det countryhelg med Turid Eiksund som er den kvinnlege delen av GP's Duo, Sigfrid, si søster. Turid lagar liv med countrysongar slik som førre året. Helga etter (13-14 juli) vert det ei gjensyn med Heidi Hauge og Roy Martin og 20-21 juli vert det titanostemning med Sigmund Dehli, Morten Bollerud med fleire.

27-28 juli kjem den kjende countryartisten Sputnik til Trandal for å spele opp til dans.

Første helga i august vert det verdensmesterskap i høyballekasting med Tande-P som programleder under arrangementet "Tande på Landet ". Tande-P vil også underhalde på den nybygde utescena i kjent stil.

I tillegg til desse gjesteartistane spelar sjølvsagt GP's Duo kvar helg i denne perioden. 

Christian Gaard har den seinare tida satsa tungt og har bygd ny hamn og utviding og forbetring av eksisterande ute- og inneplass mellom anna med "Vikingdass" med bar i midten. Prøv også "fanteluka" som er ein liten attraksjon i seg sjølv. 

Christian Gaard og GP's Duo ynskjer velkomen til Trandal! 

Du kan lese meir om sommaren på Trandal på GP's heimeside eller på heimesida til Christian Gaard .

_mg_6344_3648