DSCN2575

Ole Sunde set inn 3-2 til Sæbø.

Det vart ein pussig kamp. Sæbø var langt under pari før pause, men kom på bana som eit heilt nytt lag i andre omgang.

Rett nok opna Sæbø best, og hadde fleire hjørnespark tidleg i kampen. Store sjansar vart ikkje skapt. I staden byrja Tjørvåg å få stadig fleire sjansar. Tre gonger i løpet av første omgang var Tjørvåg-spelarar åleine med Kriftoffer VAlseth i Sæbø-målet, men Kris redda meisterleg.

Måla kunne han ikkje gjere noko med. Det første kom etter tjue minutt og ei hårreisande Sæbø-pasning som vart snappa. Det andre målet kom fem minutt før pause, etter at ein Sæbø-forsvarar, som såg ut til å ha kontroll på markeringa si, ikkje hadde det likevel og let ein Tjørvåg-spelar få skyte.

 

DSCN2573

Marius Strandmann med ei susande takling.

I andre omgang kom Sæbø som eit heilt anna lag på bana. Det var mykje meir vilje, for ikkje å snakke om plan, over spelet. Tjue minutt ut i omgangen kom den fortente reduseringa. Ole Sunde, som var flytta opp som spiss, nikka inn målet frå kort hald.

To minutt seinare vart det 2-2. Ole Sunde vart dytta overende i straffefeltet, og det vart dømt straffespark som Jan Kjetil Holen sette i mål.

Med ein halvtime att å spele vart det 3-2 til Sæbø. Terje Stokke la inn til Sunde som skåra frå femmeterstreken.

Sæbø auka til 4-2 like etterpå. Kai Arne Skår la til Mats Riise som skåra frå kort hald og for ope mål.

Fem minutt før full tid skar Kai Arne Skår igjennom frå kanten, og fastsette sluttresultatet til 5-2.

DSCN2582

Sæbø-spelarane jublar for siger etter kampen. 

Dermed kan Sæbø ta ferie på toppen av tabellen i sjette divisjon, og kampane startar opp att andre veka i august. Før det er det Sæbø-cup, og når eksakt han vert, kjem det snarleg informajson om her på portalen.

 DSCN2576

Dagens nyhende: Lars Urke melder overgang tilbake til Sæbø frå Volda, og spelar haustsesongen for moderklubben.

P.S. Bjørn Egil Espenakk vart ikkje speleklar til kampen, og redebuterer først til hausten. Sæbø mangla MArius Riise (kjærleiksferie i Bulgaria) og Espen Frøland og Jan Tore Sæbønes (Roskildefestivalen) til denne kampen.

Tabellen finn de med å følgje linken under:
- Tabell 6. div. Avd. 2 (2007)