Det er ca. 4000 som melder seg på kvart år, men berre ca. 750 får kjøpt fiskekort i dei beste sonene i Altaelva. Trekningsdagen i januar/februar er ein stor dag og aller størst for dei som er heldige å få kjøpe fiskekort i det som vert rekna som den beste elva for sportsfiskarar i Noreg.
Det syner seg - igjen - at verda ikkje alltid er så stor. Sist torsdagskveld var eg ved Altaelva. Der vart eg merksam på ein kar som nettopp hadde fått seg ein laks. Det var kanskje ikkje så spesielt for sist veke vart det fiska svært godt i dei gode sonene i Altaelva, men denne karen hadde fiska frå land - og han hadde fått seg ein flott fisk. Laksen fekk han i sona som har namnet Gønges.
Men var det ikkje noko kjent med ansiktet hans? Eg spurde etter namnet - Jan Eilif Uglebakken. Og jau, det synte seg at han var bror til ein ivrig brukar av hjorundfjord.no. Stemmer ikkje det, Knut Arvid Uglebakken?
Elvebåten ligg i framgrunnen, men Dag Eilif hadde fått denne fisken mens han fiska frå land.
Når ein får kort i ei sone i Altaelva - frå klokka 18 til 12 - er ein åleine i denne sona. Ingen andre fiskarar uroar. Trafikken i elva skjer mellom klokka 12 og 18. Men sjølv om ein er åleine, brukar fiskarane å ta med seg familie eller fiskekompisar. Det er den som eig kortet som bestemmer kven som skal få fiske. Det døgnet ein har kort i elva er nok for dei fleste betre enn sjølve julaftan.
Her tek Herr Kjelsberg seg ei lita pause frå fisket saman med sønene sine. Ved ein del av fiskesonene er det laga til fine gapahukar slik som her - ved sona Øvre Sierra.
Nesten alle fiskar frå elvebåt m/påhengsmotor. Her er Jakob Hustad saman med ein nybygd båt.
Mens fisket pågår, er det helst berre fiskaren og stakarane som er i elvebåten. I Altaelva er framleis dei felste båtane på ca. 8 meter og av tre. Dei har tre bord noko som gjerne er eit bord meir enn båtane i Tanaelva har, dvs. at båtane i Altaelva er litt høgare.. Og kva er ein stakar? Jau, ein brukar framleis dette namnet sjølv om båten har motor, men under fisket er det årar som vert brukt. Den som ikkje fiskar vert altså kalla stakar. Toppfolket, som kongen, brukar dei beste stakarane. Hans Ulrich Wisløff er ein av dei. Du ser han gjerne ved årane når det vert synt filmar frå denne elva.
Tidlegare var den beste fiskesona Sevtso. Den er nesten heilt oppe der kraftverkdemninga i dag er. Etter krafverket kom, vart fisken her nesten borte, men no ser det ut som den er på veg tilbake. Ein har lært å køyre kraftverket på ein betre måte for laksen.
Denne fiskesona heiter Nedre Sierra. Elva er her svært djup - opptil 40 m. Fotoet er dårleg, men oppunder land på motsett side ser vi ein båt det vert fiska ifrå.
Denne kvelden vart det sjølvsagt fiska fleire laksar. Under ser vi to karar. Stakar er Per Romsdal, fiskar er Knut Emil Thomassen. Dei to fiskar i ei anna god sone - Sorris Niva. (Eg nemner desse namna for spesielt interesserte. Veit du Knut Arvid Uglebakken kvar namna kjem frå?)
Knut Emil Thomassen har her fått laks på fluga. (Det er berre lov til å fiske med fluge i Altaelva.)
Når laksen ser ut til å vere sprengd, går fiskaren gjerne i land.
Stakaren er også kleppar. Men Per Romsdal kleppar ikkje - han kakkar den sprengde laksen i hovudet med ein passeleg kjepp. Ei litt uvanleg metode?
Vi gratulerer. Skal vi seie 8,5 kg?
Som ei lita trøyst nemner eg at det er råd å få kjøpe fiskekort i Altaelva også for oss som ikkje er fastbuande i Alta. Du kan melde deg på og dermed vere med på ei eiga trekning for oss som ikkje bur i Alta. I år var det ca. 1000 som melde seg på og ville vere med på denne trekninga. Fleire fekk kort.
Og har du pengar nok - som John Fredriksen - ordnar det seg nok, uansett...
I dagane framover kjem eg med nokre glimt frå turen vår til Finnmark.
Kommentarar
Joda, det er nok min gode lillebror på 29. Som den siste av 6 laksefiskende brødre er laksefisket svært viktig der i gården. Brødrene er nok ofte å treffe langs elvebredden. Han mente laksen var utypisk for Altaelva, for smal, og mente den skulle opp i Eibyelva, en sideelv litt lengre opp, ser litt pjusk ut, ligget i en sekk.
Jaja, hadde i tankene at jeg ikke skulle legge ut noe særlig fra nord, har vel heller ikke innvolvert familiemedlemmer inn i denne nettportalen. Men med en ferierende jorunalist som aldri tar ferie, ser det ut som den biffen blir ordna. Artig sammentreff, føler noe er snudd, med tanke på at jeg var høyt over en skoddetung Hjørundfjord tidligere i dag.
Navnene er komplisert, et møte mellom norsk, samisk, og kvensk (finsk) pluss alle åra som har gått til fornorskning. Beskriver ofte fenomen i naturen.
Om det ønskes mer info om Altaelva, sjekk den offisielle: http://www.altalaks.no
Eg legg ved ein link til Altaposten. Her snakkar ein om stor laks: http://www.altaposten.no/lokalt/nyheter/article99472.ece