IMG_5510

Barbara(t.v.) og Gary Klofstad, Wisconsin, USA

Gary reknar seg som heilnorsk.  Forferdane både på farsida og morsida er frå Noreg.  Han er etterkomar etter Petter Moe frå Svòra i Bondalen.  Barbara stammar både frå Tyskland, Frankrike og Sverike.

Kva likar de med å feriere i Hjørundfjorden?

Fjorden - og menneska vi har snakka med til no.

Er det første fong de ferierer i Hjørundfjorden?

Ja, men dette er andre gongen vi er i Noreg.

Har de brukt nokon av tilboda vi har?

Nei, ikkje enno, men vi skal bruke båt på fjorden i kveld.

Reiser deog vitjar andre stadar medan de er her?

Ja, absolutt.  Vi kom med fly til Harstad.  Så reiste vi med fly til Trondheim, der leigde vi oss bil og skal køyre vidare med bilen til Voss.

Kva fekk dykk til å velgje Hjørundfjorden som feriestad?

Det er nok bakgrunnen min (Gary).

Kvar høyrde du om Hjørundfjorden først?

Det var nok då vi byrja å planlegge denne turen - mellom anna søkte vi hjelp gjennom organisasjonen "Sons of Norway".

Kjem de tilbake til Hjørundfjorden nokon gong.

Ja, absolutt avsluttar Barbara med eit stort smil.