Jon og broren Sverre er fødd på Røysa på Kvistad, og flytte til Tørvikbygd i Hardanger i 1949. Far hans, Sigvart, er frå Gótene på Kvistad og mor hans er frå Hardanger. Mora Martha f. Berge, kom hit som den kommunale helsesystra i Hjørundfjord kommune i 1937. Det er mange hjørundfjordingar som hugsar den svært godt omtalte helsesystra som reiste rundt i heile fjorden og stelte sjuke og gamle. Ho er i dag sjølv bebuar på ein sjukeheim i Hardanger, men det er slutt på å besøke Hjørundfjorden for hennar del. Jon har vore aktiv skyttar og den eine sommaren han ikkje besøkte Bondalen, var han på landsskyttarstemne då det høvde slik. Den andre sommaren var han på amerikareise.
Jon og Helge 20070712_0197_1
Jon Kvistad til venstre i samtale med Helge Nordang. Det er svært viktigt for Jon å besøke barndomskameraten sin når han er her på besøk. Han har venta i mange dagar på at Helge skulle kome att frå ferie, for å få slå av den årlege praten.

 

Til sommargjestane våre her på hjorundfjord.no så har vi våre faste spørsmål: 



Kva fekk deg til å velgje akkurat Hjørundfjorden som feriestad?


Sidan eg flytte herifrå så har eg alletider hatt tilknytning til Bondalen, då eg er fødd her.


Kvar høyrde du om Hjørundfjorden først?


Det eg høyrde, fekk eg inn med morsmjølka.


Kva likar du med å feriere i Hjørundfjorden?

Å treffe kjentfolk og vitje slekta.


Er det første gong du ferierer i Hjørundfjorden?


Nei.

Har du brukt nokon av tilboda vi har?


Det må no være resturantbesøk og båttur på fjorden.


Kva tilbod saknar du?


Guida turar.


Reiser du og vitjar andre stader medan du er her?


Ja eg besøker flest mogleg  folk eg kjenner, når eg er her.

 

Vi ynskjer gjesten vår i dag, ein fortsatt fin sommar, og velkomen attende!