Svein Myhre skriv i kommentar at det kunne vere artig å følgje med utviklinga av magen og det er ikkje så vanskeleg å etterkome det ønskje. 

Skaa
Skårakjerringa slank og lettbeint - slik ho tedde seg 1. juli. 

 

Skaa

Ho gjeng i motvind no og har spøtet med seg på vegen.

Vi kan her vise at svangerskapet skrid fram i takt med sommarvarmen og nedbøren. Etter berre 8 dagar har ho utvikla rundare former og ter seg no meir som ei skikkeleg kjerring. Kor langt ho er komen i svangerskapet, skal eg ikkje uttale meg om og heller ikkje om når ho har termin. Kanskje det vert plass for ei forlenging av følgjetongen?


For oss innfødde er Skårakjerringa eit begrep som ingen lurer på kvar ho er å finne. Men andre kan trenge litt hjelp:
Eg har leita fram eit prospektkort frå 1890-åra. Det er teke frå Støene på Ytre Urke, d.v.s. frå same staden som dei ferske bileta av Skårakjerringa er tekne. Eg brukar dette biletet for å vise at naturen har ikkje endra seg nemnande på 100 år.

B3 Støene Ytre Urke0314h_l
Tenk deg to linjer mellom hjørna - diagonalane -. I krysset på midten, litt opp og til venstre i den nedste breen - der er ho! Du ser ho som eit hakk opp i breen nedanfrå.
Fotograf er Knud Knudsen frå Bergen som vart rodd langs frå Sæbø, til Leknes og innover til Urke langs stranda. Dei to rokarane er med på biletet. Reisa kan "beskrivast" i ein serie, men det er ei anna historie!


 
Johan Urke er igjen fotograf og observatør frå ferieresidensen sin ved Urkebukta.
Helsing
Per Urke