Underteikna fekk første samekniven som 9 - åring. Den var laga av Isak Strømeng (namnet står gjerne på slira) i Karasjok. Det er nok den personen/det firmaet som har laga flesteparten av sameknivane som hjørundfjordingane har, men litt lenger borte i vegen, ikkje langt frå sølvsmia til Juhls i Kautokeino, er der ein knivsmed som heiter Josef Per Buljo...
Isak Strømeng i Karasjok lagar heilt sikkert svært gode knivar, men det likevel kjekkast å handle med knivsmeden/knivlagaren sjølv. Difor var det naturleg å stoppe ved den nemnde Josef Per Buljo. Han driv firmaet Samekniv.
Buljo var ein svært triveleg knivsmed. Han fekk med ein gong god kontakt med Jakob og sjølvsagt måtte sistnemnde få oppfylt ynskjet om å få den tradisjonelle kniven.

Jakob med den nye samekniven sin. JosefPer Buljo lagar dei i alle storleikar.
Buljo var klar på kva for kniv Jakob skulle ha. Nei, han skulle ikkje ha den minste, heller ikkje den største, men den nest største var akkurat passe. Den kniven kunne også brukast til lettare hogging.

Namnet til produsenten står utanpå slira. Og no har Buljo også svidd inn namnet til eigaren.
Josef Per Buljo importerer knivstålet, men han understrekar at stålet ikkje er for hardt. Difor skal kniven vere god å slipe. Knivskaftet lagar han av bjørk og slira er laga av oksehud. Rundt overgangen mellom kniv og skaft, er det massing. Massing har ei spesiell tyding i samisk kultur.
No var Buljo ein så triveleg kar at vi også var innom han då vi var på veg heim - vi fekk kjøpe eit tørka reinskinn av han. Men vi kjøpte nok ikkje slik tromme som vart godt kjent då filmen "Veiviseren" var så populær for ein del år tilbake.

Denne tromma vart nok ikkje kjøpt...
Dersom du skulle lure på kva du skal kjøpe i gåve til ein eller annan så ring berre tlf. 78 48 62 84. Den trivelege knivsmeden Josef Per Buljo har mange knivar på lager, pluss mykje meir...
Kniven stolen (01.08.2007 kl. 23:47)
Alf-Ole fortel ei sann soge. Avslutninga på soga er at kniven vart stolen på Campeggio Miramare utanfor Livorno, Italia.
Rune Sæbønes
Samekniv på interrail (01.08.2007 kl. 23:41)
Rune Sæbønes og underteikna hadde med oss samekniv på interrail i 1987. Brukte den til å skjære brød og mår på toget. Livretten i kupeen var brødskive med mår og majones, og då var samekniven suveren redskap. Dei fleste andre i kupeen vart fælne då me drog opp samekniven frå ryggsekken, bortsett frå ein finne som ikkje akkurat let seg imponere. Han sa på finsk/svensk; "vad er det førr en småkniv" :)
Alf Ole Aarseth
Samekniv om Natta. (01.08.2007 kl. 23:07)
Ikkje min feil at folk låg ved kista der maten var når eg skulle ha meg mat eller å høgge ved.
Var no svolten etter vakt ut på natta og etter at eg hadde våre å skrøna i befalsteltet.
Var vel ikkje kjekt når samekniven var rett ved haudet .
Strandemann trur eg sov sjølv om Perry var oppe.
Perry Bjørke
Samekniv om natta. (01.08.2007 kl. 21:42)
Eg har sjølvsagt ein samekniv merka: Strømeng, Karasjok, som eg fekk i gåvepremie i skyting ein gong. Den har nok Knut Hustad også lånt til brødkniv,men det var tidleg på kveld!
Eg kosar meg når eg les siste linja i Perry sin kommentar. Han veit nok best om dei andre i teltet hadde grunn til å vere bekymra!
Knut Riise
Stål frå Japan(?) (01.08.2007 kl. 09:14)
Eg synes gjerne at desse knivane som vi menn gjerne får når vi er 40 eller 50 år - av rustfritt stål (eller heiter det syrefast?) gjerne er litt harde. Dei er vanskelege å slipe. Difor spurde eg knivlagar Josef litt om stålet han brukte, men eg vedgår at eg nok høyrde for lite etter sidan det no er ein smed og fagmann som spør.
Likevel meiner eg at han sa at knivstålet vart importert frå Japan. Kniven skulle absolutt kunne slipast på ein vanleg slipestein. Eg meiner også at han nemde at det var karbonstål som vart brukt og sa han ikkje noko om 50 - 50? Gjev dette meining, Ivar Svein?
Vi kjøpte også fyrstål og Josef demonstrerte korleis vi t.d. kunne fyre opp bål i skogen utan fyrstikker. Han brukte då egga på kniven. Det var ingen problem med at kniven vart ukvass av slikt bruk, sa han - "kniven hans tåler slikt".
Knut Hustad
Samekniven min (01.08.2007 kl. 08:44)
Som ung gutt kjøpte eg samekniv i 1957, dvs. han er no 50 år og velbrukt. Nytt bjørkeskaft måtte til etter hard bruk over mange år. Som Ivar Svein skriv, er desse gamle knivane vanskeleg å kvesse til "sylskarp" egg. Stålet er veldig hardt og høgg du eksempelvis gamle og harde bein, vil det lett bryteut små fragment frå egga - særleg inn mot skaftet. Men kniven er nyttig også fordi han er så tung at det kan hoggast med han.
Per Atle Røe
Knivstålet? (31.07.2007 kl. 11:17)
Fekk Josef knivstålet fedigt frå utlandet? Knivstålet var no samekniven sin hemlegheit og det måtte no være opprinneleg ein lokal smed som smidde dette. I militære(70åra) så demostrerte dei lokal karane kor kvasse knivane var og samtidigt så harde at dei kunne slå den nedi stålrama på senga uten å lage merke i kniven, men eit skikkeleg hakk i stålrama vart det.Det var sagt at knivmakarane brukte bladfjører av bilar for å få til denne styrken, men dei er frykteleg harde å vanskeleg å få bet i.
Dette med for harde knivar og ljåar er eit problem når ein skal slipe, så her hadde Samane ein herdemetode som var vanskeleg å etterlikne.
Det mest kjende her på våre kantar var Honndalsljåen, og når smedlærlingane hadde lært å smi ljåen og skulle til å herde den, fekk dei ikkje delta, men måtte gå ut. Dette kan vi smile til i dag, men dette var livsgrunnlaget for Honndalen å kunne halde dette for seg sjølv.Vi veit i dag at løyndommen låg ved bruk av trekol når dei anløpte. Du får heller ikkje vite kva som er i oppskrifta til ei god kake, med ein bakar.
Ivar Svein Mo
Miilitære (31.07.2007 kl. 02:41)
Dei fleste som har våre i det millitære har vel brukt en samekniv.(i vert fall dei som har våre i Nord Norge.)
Den var fin til mange ting som å skjære opp
brød og å smør på brødet med.
Vi opnet (dø mann på boks) også med samekniv.
Kløvde ved med den og laget reier til kamu.
Bajonetten kunne ikkje brukes til alt.
Når eg brukte samekniven mitt på natta var det nokre som ikkje fekk sove.
Stolte dei ikkje på brukaren.
Perry Bjørke