I kveld kan folk frå Ålesundområde ta ein fullstendig Hjørundfjordtur. Cruiseservice AS startar ruta frå Ålesund kl. 18.00 og går innover fjorden til Trandal, der den kjende artisten Sputnik underheld og er det store trekkplasteret i kveld, og i mogon kveld. Cruiseservice AS reknar med det vert stor pågong på båten i kveld og oppmoder den som vil ha plass å bestille på førehand. Vi tek i mot førehandsbestilling på ruta, så alle skal være sikker på å kome seg tilbake til Ålesund i løpet av natta, seier Cruiseservice AS.

20070722_0321

20070722_0310

Hjørundfjordstranda.Sjøgarden Strandabøen.
Nes

Cristian Gaard

Gardane Nes i HjørundfjordenCristian Gaard

Den som ikkje vil oppom på Christian Gaard kan ta turen innover til Sæbø eller Øye.

Båten vil kome til Sæbø kl.19.00 og her vert då anledning til å besøke Sæbø og hotellet i 1,5 time før besøkande kan gå ombord båten, MS Hjørundfjord for ein opplevelserik tur inngjennom Storfjorden til festival konsert i Bjørke kyrkje.

BjørkeIMG_0705 Finnes
Bjørke sett frå KvamsedalenFinnes

Etter ein fantastisk tur inst i Hjørundfjorden kan folk oppleve en konsert i den flotte kyrkja på Bjørke.
Sjå eigen artikkel.


Etter konserten vil festival nemnda på Bjørke fortelje og event.kort guiding om Bjørke før avreise tilbake til Sæbø, frå Bjørke kl.23.00

Marco Polo 20070706_0126 Frå Hustadneset 20070706_0135
Slik kan du oppleve Hjørundfjorden ein sein kveld.

Kl.0.30 er Nordic Sky frå Cruiseservise AS på plass på kaia på Sæbø for å frakte folk tilbake til Ålesund, med stopp Christian Gaard. Berekna ankomst til Ålesund er kl. 01.30

Hjørundfjord bygdemoblisering som står for båtskyssen frå Sæbø /Bjørke ynskjer folk velkomne til ein flott sommarkveld på fjorden. Vi reknar med at der vil kome folk frå Ørsta/Volda området og dersom det er passasjerar frå Norangsfjorden så gjeng vi oppom Lekneset. Dette må bestillast på telefon 90203236. Turen med retur vil koste 100 kr. pr. passasjer.

For å være sikker, så husk å bestille plass på Cruiseservise AS sin båt tlf. 70102800!