Hei, hjorundfjordportalen sine brukarar.
Vi er no snart klar med den nye portalen og det står att ein del feilsøking. Den nye portalen vert mykje lik den gamle, men meir avansert så det er større rom for tilpasning og utvikling. Der vert diskusjonsforum, meir brukarvenleg for å legge inn artiklar og nyhende med moglegheit for mellomlager(du kan lagre å lese det igjennom seinare, før det går på lufta). Så skal den nye portalen verte meir eit oppslagsverk for turistar og andre som vil orientere seg om tilboda dei finn her.Meir oversikteleg biledgalleri.
Vi la ut nyhende om den nyfødde Stokkeguten sist laurdag, og det har vore suksess. Dette er nyhende som det ikkje skulle være rom for noko slags misbruk, så her kan det være fritt fram for kommentar og alle kan få høve legge ut nyhende her.
Er dette å skrive ei kort nyhende med eit par bilete og mål og vekt om nyfødde eit ynskje? Eller skal det være ei eiga spalte?
I andre nyhende kan ein velge no i den nye portalen om ein vil ha kommentarar. Men det store spørsmålet er om vi skal skrive om nyhende i det heile. I jula var her ein stor diskusjon om dette og resultatet var at vi meinte at portalen var ikkje moden for denslags ennå, og i såfall må alle nyhende innom ein redaksjon før det gå ut på nettet, og det vert omfattande.
Har det skjedd noko endring no, og er det eit ynskje frå brukarane om nyheitssaker? Vi ser at nyheitsstoff der folk får lese om kva som skjer i lokalsamfunnet er godt besøkt. Men kvar skal grensa gå om kva vi skal skrive om?
Er det ynskjeleg om vi skal skrive andre hendingar som dødsfall, bursdagar, minneord og omtale om personar på runde dagar?
Gjesteboka har vore nokså lite brukt og anonym. Kva kan vi gjere her for å få den meir fram?
Etter ein artikkel eller ei nyhende er utlagd kor lang angrefrist skal her være for at utleggar skal få slette. Så snart der er ein kommentar, så eig ikkje den som legg ut dette åleine lenger, skal vi då ta vekk mogleheita for å slette for den som legg ut og overlate det til administrator å ta stilling til sletting?
Den nye portalen vil koste oss ein del og dette må vi kunne tjene inn på eit eller anna vis. Skal vi ha reklame og annonser eller skal vi innføre eit eller anna form for brukarbetaling. Portalen er komen for å bli, men einkvan må ha arbeidet med å drifte og det kan ikkje gå på dugnad i alle år. Kjøp og sal skal utviklast så her kan vi kanskje ta inn ein provisjon
Kom med forslag og spørsmål så skal vi svare her så godt som vi kan. Tor Eirik er på i kveld så er det noko teknisk, så svarer han på det meste.
Ivar Svein Mo
Ta mot folk (02.08.2007 kl. 18:35)
Det er i vert fall heilt sikkert at skal man reklamere og Guide folk i Hjørundfjorden så nokon vere heime å ta mot gjestene når dei kjem.
Eg bruker ikkje å reise vekk så eg treff dei fleste som kjem til Bjørke.
Har våre bra besøk i år synest eg.
Eg ønsker av til eg hadde en kiosk då folk spør etter forkjellige ting.
Dette kan eg kanskje få til når eg får kontor på Haukly.
Eg blir no der ofte då allikevel så kvifor ikkje ha noko på lur på kjøkkenet til gjestene.
Kaffi også så klart.
Perry Bjørke
Turguide (02.08.2007 kl. 15:05)
Eg er enig i Myhre og Riise. Under fana "Reiseliv" står følgande:
Fjellturar (0)
Fjordturar (2)
Overnatting (11)
Servering (4)
På fjellturar står det null som vi ser. Her meinar eg at det som Myre og Riise nevnte om turar,turguide, kart, tur-historier og meir kunne leggast inn. Denne fana burde og bli lettare synleg slik at tilreisande, enten norske eller utanlandske, kunne sjå kva vi har å by på både innan overnatting, fjellturar og andre severdigheiter.
Håvard Myklebust
Grenseland? (02.08.2007 kl. 11:44)
Målet med ny portal er akkurat dette som Svein og Monica skriv om, få ein meir oversikteleg portal der folk som vil orientere seg eller kjem til fjorden finn lettare og raskare fram på portalen.
Monica du skriv at her har vore: "Nokre artiklar/nyhende meiner eg likevel er i grenseland for kva som bør publiserast."
Dette skulle vi ha hatt meir konkretisert då det er svært viktig å vite kva folk meiner her. Eg har lese igjennom alle artiklar og nyhende som har vore sidan nyår, utan å merke meg noko som har vore i grenseland. Brukarane på portalen har brukt vær varsam plakaten godt. Her har ikkje vore for mykje stoff av noke slag, men forlite av ein ein del.
Spørsmålet er no, skal vi tore oss inn på nyhende meir enn det vi har gjort til no?
I bygdemobliseringa er portalen vårt viktigaste reiskap for å gjere Hjørundfjorden kjent.
Administrator
Ivar Svein Mo
Hjørundfjordportalen for Hjørun (02.08.2007 kl. 01:17)
Eg er einig i Myre sitt ønskje om turguide. Eit eige område med tur-tips og historier frå ”verdas vakraste fjord” må vere på sin plass. Dette kan kanskje gje rom og merksemd til andre publiseringar som gjerne forsvinn i sveitte ski-historier…
Eg synest at portalen er kjekk å gå inn på og mykje er interessant. Nokre artiklar/nyhende meiner eg likevel er i grenseland for kva som bør publiserast. Kanskje denne debatten kan gje grunnlag for å utarbeide ein eigen liten ver-varsom plakat for portalen. Det kan kanskje av og til vere på sin plass med nokre små reglar å forhalde seg til ved publisering når skrivelysta trengjer.. (Hjørundfjordportalen, -for ALLE som er interessert i Hjørundfjorden…?)
Når det gjeld informajon for turistane kan ein vel ta ei stikkprøve av eit par turistar… Dei bør ha svaret på kva info som manglar/er mangelfull..
Alt-i-alt vil eg sei takk for ein god og kjekk portal:-)
Monika Riise
Tursitane.. (01.08.2007 kl. 22:01)
At det skal være enkelt for turistane å gå inn på potalen å finne tips til aktiviteter+turer(både i fjellet med bil) fisking,leige av båt+++
Ingunn Hjorthaug
Privat ting. (01.08.2007 kl. 15:20)
Bursdager - fødsler og dødsfall- ulykker og andre slike private ting bør ikkje vere på portalen
Mi meining.
Legges det ut private ting så må det i vert fall inhentes løyve frå den det gjeld.
Perry Bjørke
(01.08.2007 kl. 12:53)
I utforminga bør en legge vekt på at viktig informasjon er lett tilgjengelig, folk mister generelt fort interessen når de kommer til et nytt nettsted og ikke finner det de er ute etter med en gang.
Ellers syns jeg portalen burde hatt en egen turguide for flotte fjellturer, gjerne krydret med historie/historiske steder o.l.
Svein Myhre
Reisetipset (01.08.2007 kl. 01:25)
Eg såg også reisetipset i Dagbladet (papirutgåva)
Bra jobba Håvard !
Gledeleg at stadig fleire nyttar Portalen, det syner antall treff som har auka kraftig siste halvåret. Å leggje link til portalen på andre nettstader slik Håvard har gjort, er med på å gjere Hjørundfjorden kjent for fleire, og det er positivt.
For meg som utflytta Bondaling har iallefall Portalen vore ein veldig positiv kanal for "interaktivt" både å få informasjon og halde kontakt med heimbygda. Trur mange andre utflytta føler det same.
Etter mitt syn er det viktigare å utvikle portalen med enkelte forbetringar, slik det er fleire innspel på her, enn å nødvendigvis forandre altfor mykje utfrå slik den er i dag. Er enig med Arnfinn at den i størst grad bør være brukarstyrt. Fleire og fleire nyttar som sagt portalen, og då vil dette utvikle seg naturleg, trur eg...berre å hive seg frampå både med artiklar og kommentarar.
Alf Ole Aarseth
Reisetips (31.07.2007 kl. 23:57)
På dagbladet.no fann eg ein link som heitte www.reisetips.no. Her kunne du skrive om din favoritt plass om sommaren. Eg såg meg anleding til å legge inn nokre ord om Hjørundfjorden, og tenkte dette kunne vere ein måte å informere folk om denne vakre fjorden. Eg la inn nokre bilete og tilslutt linken til Hjørundfjordportalen der eg skreiv ein kunne finne meir info. Eg meinar det ikkje skulle vere så vanskeleg å legge igjen internettadressa til portalen i for eksempel brosjyrer, evt. artiklar o.l.Dette burde vere ein metode vi kunne bruke slik at folk "finn" vegen
til Hjørundfjorden.
Dagen etter såg eg forresten at reisetipset var kome på trykk i papirutgåva av Dagbladet;)
Håvard Myklebust
(31.07.2007 kl. 23:49)
Synnøve: Du nemner "ein plass ein kan snakke laust"... Har du nokre tankar om korleis noko slikt skal sjå ut? Er det forum du tenkjer på? I så tilfelle har vi allereie laga det til.
Tor Eirik Trandal
Forslag (31.07.2007 kl. 16:02)
Ein plass der ein kan snakke laust, bursdag/nyfødd plass, kjøp/salg plass :)
Synnøve Mo
Brukarkveldar (31.07.2007 kl. 14:26)
Fint at du kjem med desse synspunkta AnnHelene.For å gjere det heilt klart, vi som styrer med portalen er heilt ufarlege og set pris på at unge og gamle brukar tek kontakt, dersom det er noko de lurer på, eller har ynskje for at portalen vert meir brukarvenleg.Vi har eit mål at flest mogeleg skal ta portalen i bruk så vi kan knyte bygdene saman og dei utflytta ungdommane kan få bruke portalen til å halde kontakta med heimbyga.Eg har ein viss følelse av at dei yngste ikkje torer å ta kontakt,og det håper eg vi skal få til framover.
Klart vi kan halde fleire brukarkveldar, og i samanheng med presentasjon av ny portal vil det høve godt.Kunne vi kanskje få fram her no kva som er problemet? Er det bruk av tekstbehandling, bildebehandling, bruk av internett og bruk av digital foto så er det kursing meir enn berre brukarkveldar. Er dette eit ynskje så kan bygdemobliseringa sjå på slike saker og event. sjå kva vi kan sette i gong av kurs.
Kom, la vi få greie på kva som evnt.er problemet.
Hjørundfjordportalen Administrator
Bruken av portalen! (31.07.2007 kl. 12:59)
Sikkert fint med nye idear på portalen.Hadde vore fint med fleire kurs eller inf slik dokke hadde på grendahuset om bruken av portalen. spesielt no når den vert omlagt.Trur at fleire hadde vorte flinkare og tørre og bruke den meir.(berre eit forslag)
AnnHelene Wille
Lette nyheiter (31.07.2007 kl. 10:04)
kan ein vel trygt kalle det som er skreve om nyfødde med stolte foreldre som vil svært gjerne vise fram ein flott familie. Men dersom det er ei spalte med nyfødde, der andre set inn opplysningane utan å spørje foreldra, er det då ei lett nyheit? Er ein repotasje om ei utforkøyring der sjåføren ikkje jubler akkurat, for at det vert skreve om hendinga, ei lett nyheit?
Når det gjeld å drive portalen må mest mogeleg være på dugnad, så er eg enig med Arnfinn, men dette tekniske som vi er avhengi av å kjøpe teneste med fagkompetansen, det må vi ha pengar til, og kvar skal dei kome i frå?
Det er svært viktigt å kunne lufte kvar grensene går no og med faste mellomrom framover.Her er fortsatt ein litt "Se og Hør" mentalitet ennå, der ingen les, men alle som har tilgong til ei datamaskin er innom og veit kva som står her utan å ville erkjenne det. Dette er noko som sakte, men sikkert vil forsvinne.
Hjørundfjordportalen Administrator
Linker (31.07.2007 kl. 09:30)
Savner en tråd med linker til relevante ting.
Feks denne kanonsiden for kartlesning.
http://demo.geodata.no/gdwk44/
Fred Ingar Somby
"Lette" nyheiter (31.07.2007 kl. 03:04)
Kva legg du i utrykket lette nyheiter?
Tor Eirik Trandal
Kor mange veit det. (31.07.2007 kl. 02:58)
www.sunnmørskart.no viste ikkje eg om heller.
Eg får legge det inn på heimesida til laget.
Slike opplysninger kunne no også ligge der eg meinte.
Perry Bjørke
Karttips (31.07.2007 kl. 02:07)
www.sunnmorskart.no har vel mykje av det du etterlyser Perry, reguleringskart og ledige tomter. Eg synes at det du nemner er ei kommunal opppgåve, sjøl om dei gjerne sviktar på slike ting.
Arnfinn Mork
Markedskrefter - Dugnadsånd (31.07.2007 kl. 02:03)
Eg håper at portalen så lenge som mulig skal bli styrd av dugnadsånd, og ikkje av markedskrefter. Ikkje mistyd meg, det må være mulig å finne ein leveveg i fjorden, og kan portalen hjelpe til med det ville vel ingenting vere betre. Men eg trur at ein bør ha eit klart skilje mellom dugnad og kommersielle ting.
Eg synes det hadde vore fint med lette nyheiter.
Diskusjonsforum vil nok kunne bli bra berre det blir styrt godt. Har sett at folk ofte tek laust litt på forskjellige fora :)
Arnfinn Mork
Reguleringkart. (31.07.2007 kl. 00:08)
Det burde ligge ute reguleringkart over bygdene
og en plass der man kunne finne informasjon om tomter ol til hus og Næring/industri.
Då kunne intriserte bedrifter og folk/ungdomen sjå mulightene for tomter på bygdene.
Det er viktig å marknadsføre muligheitene i bygdene.
Hus og tomter til salgs kunne også legges ut på denne sida .
Eg har lagt ut industri/reguleringområdet/tomtene på Bjørke på Ungdomslaget si side.
Dei unge må få den informasjonen dei vil ha tak i og vi må vise dei reguleringene på Bygdene.
Det er dei som skal bygge en gang.
Perry Bjørke
Forslag (30.07.2007 kl. 23:48)
Eg vil gjerne ha litt tilbakemelding på om der er noko ein syns er bra, dårleg eller om det er noko dokke saknar.
Kom med ein kommentar!
Tor Eirik Trandal