G16: Sæbø vs. Eidsvoll
Gutane var først ute i dag med kamp mot Eidsvoll på Abilsøfeltet kl.14.15. Sæbø åpna kampen sterkt, både Truls Ivar og Bjørnar Holen hadde nokre gode avslutningsforsøk. Men Eidsvoll viste seg som eit effektivt og godt lag då dei laga 1-0 på sin første sjanse. So bølga spelet litt før Eidsvoll laga 2-0. Eit innlegg gjekk forbi fleire sæbøspelara før det vart ekspedert i mål. Det vart også resultatet til pause.  

I andreomgang starta Sæbø best igjen, men heller sjansa vart ikkje omsette i mål. Då kom soklart 3-0.  Då la Sæbø om og spelde med to spissar. Det første til eit kjempepress med fleire utmerka sjansa, men ingen mål. So kom 4-0 på eit kanonfrispark frå eidsvoll. Rett før slutt kom også 5-0. Men det var einigheit på sidelinja om at dette laget ikkje var 5 mål betre enn Sæbø, men det vart altså sluttresultatet. Men kampen var ikkje berre negativ med Sæbøauge. Sindre Sæbønes, Martin Dimmen, Bjørnar Holen og Jon Martin Mo viste undervegs i kampen at dei ikkje gjer seg bort på dette nivået og at Sæbø kjem til å ha eit svært godt lag til neste Norway cup.

G16: Sæbø vs. Sauland
So var det opp på ekeberg for jentene sin kamp som byrja 15.45. Sauland var dagens motstandera. Sæbø åpna kampen i eit forrykande tempo. Innen dei 5 første minutta hadde sæbø skapt 3 kjempesjanser. Eit skudd small i tverligger, eit i stolpen og eit skudd like utanfor frå kort hald. So slappa Sæbø av og Sauland kom inn i kampen. Men Sæbø var det beste laget på bana og dei siste 10 minutta var sæbø overlegne. Først kom nok eit stolpeskudd, før det endelig kom eit mål. Malene Aambakk slo eit i inleggskud inn foran mål, det gjekk i via ein forsvarer og til side for keeper. 1-0. Men Sæbø ga seg ikkje der og nok ei tmål kom etter lengre press. Torill Haugen Øye skaut frå mellom 15-20 meter rett i krysset. 2-0. Ikkje lenge etter kom Elisabeth Melle til ein sjanse og var nær skåring. Sauland skapte ingen ting forutan om ein gedigen sjanse i slutminutta. Ei avslutning frå berre ein halv meter på eit inlegg vart mirakuløst redda av Liv Grete Stokke i mål.

Sauland opna betre i andreomgang og spelet bølga ei stund fram og tilbake. Sauland hadde den største sjansen med eit skudd like utanfor. So tok sæbø over igjen. Else-Marie Stokke vann ballen i god posisjon og fekk den videre til Elisabeth Melle, men avslutninga gjekk like utanfor. So var det Malene Aambakk sin tur, ho vendet av heile forsvaret men nok ein gong gjekk ballen like utanfor. Else-Marie hadde også to gode sjanser. Først eit skudd like utanfor, og so eit skotforsøk inn i feltet etter eit langt kast frå Malene Aambakk. Men ballen gjekk mykje på feil side av stolpen denne kampen. Sauland hadde berre nokre få angrep som enda i avslutning. Nærast var dei på ein corner, men avslutninga gjekk i eigen speler og Liv Grete plukka opp ballen. So kom ei etterlengta skåring. Malene vendte seg fri og satta ballen sikkert bak keeper. 3-0. Siste 5minutta var det Arne Scheie ville kalla hawaifotball. Først kom Sauland til ein god sjanse som vart redda først etter ein del ping-pong inne i feltet  So hadde dei eit skot i stolpen før Sæbø bomma på nokre kjempesjanser. Kampen enda med at Elisabeth Melle fastsette resultatet til 4-0, då ho sette eit innlegg sikkert i mål.


Kamp3: Lyn vs Fredrikstad
Utpå kvelden for begge laga på Ullevål for å bli inspirert av litt eliteseriefotball☺