I går kveld inviterte Janne og John Aage Solhaug, Lisbeth Aklestad og Arild Aarseth til sosialt samvere på Kvistadsetra.  Ja, det vart vel nærast som ei gutehelg å rekne sjølv om vêret ikkje var det aller beste. Men ein har no preseningar.

20070714_0202

Frå venste:  Arild Aarseth, Jon Aage Solhaug, Hallvar Mo, Janne Solhaug og Gerd Sofie Langvatn.  Hallvard Aklestad Aarseth står med ryggen til. (Foto: Ivar Svein Mo)

Det vart sjølvsagt ein svært hyggeleg kveld, men det vart likevel litt problem med nokre av sauene til Aage (Solhaug).  Dei vart litt nærgåande.  At sauene var nærgåande, skuldast visstnok ei snill dame som heilter Arnhild Kvistad.  Ho brukar å fore sauene godt når ho er på setra - og det er truleg ikkje så sjeldan.

Men det heile ordna seg til det beste.  Tre unge menn tok på seg oppgåva med å samle dei saman og jage sauene unna.  Hovar kan brukast til så mangt...

Sanking med hov

Her er Jo Martin Solhaug i ferd med å få samla sauene saman med hjelp av hoven sin.  Men han treng litt hjelp...

P1010037 (Large)

I farta, seier Hallvard, men også han ropar etter hjelp....

P1010038 (Large)

Jau, Andreas Solhaug kjem så snart han kan. Problemet er berre at han har sin eigen saueflokk å halde styr på...

Men det heile enda godt.  Sauene heldt seg der dei skulle vere etter innsatsen til dei tre.  Og kva skjedde etterpå?  Jau, hovane vart sjølvsagt brukte til fiske i den vesle elva som renn forbi setrestøylen.  Og etterpå det?  Jau, då vart det å sitje rundt bålet å skryte av den store fangsten dei hadde fått slik dei litt større mannfolka brukar å gjere.

IMG_0756 (Large)

- Min største var så stor, seier Jo Martin(t.v.). Hallvard er imponert og gjer seg klar til å legge ei ny fjøl på bålet. (Foto: Lisbeth Aklestad)