Etter at han far i huset kom med klare dokumentasjonar på at Urke kai skjulte ein gamal og gløymd dykkerskatt, var det naturleg å ta med seg litt komprimert oksygen på flaske heim til Sæbø i år. ”Den er nok litt ramponert Jørund, for Sæbøungdomen  rodde over fjorden og nærmast øydela han med slegge, etter at Urkekarane hadde henta opp flyet frå Stennesrevet i 1945. Likevel bør der ligge mykje att av flyet, og det hadde vore spanande og fått nyss i tilstanden til flyet.” Dette var altså orda som skapte flotte bilete i hovudet mitt om at ein nærmast komplett Messerschmidt skulle ligge att på botnen utanfor Urke kai. For ei dykkaroppleving det ville verte!

IMG_0359
Medlemmar frå Volda dykkerklubb stilte opp og hjalp til med søket.

 

Eg ringde Volda Dykkarklubb og lurte på om der var interessentar til eit søk etter eit fly kanskje ingen hadde sett sidan 1945. Interessa meldte seg umiddelbart. Leiaren av klubben skulle tromme saman ein gjeng, for dette var absolutt eit spanande oppdrag. Eit par dagar seinare kom det ein beskjed som gav moralen ein liten knekk- rykta ville ha det til at ein skraphandlar hadde teke turen innom Urke Kai på 50- talet, og teke med seg mesteparten av flyet, og at berre deler av flyet var att å finne der inne. ”Det kan ikkje stemme. I årsskrift nummer 17 utgitt i 1995 står det klart kva slags historie som har råka denne Messerschmidten, og eg hugsar ikkje eit ord om nokon skraphandlar ,” kom det frå lokalhistorikaren. Ein ny gnist vart tend. Kunne det vere falske opplysningar spreidd frå ein dykkar som ville ha flyet i fred?? Dette kunne likevel ende med eit tilfreds glis.

 

IMG_0378
Motivert meg- en smule vill i blikket.. 

 

Søndag stilte i alle fall Volda Dykkarklubb mannsterke. Til og med med ”døtta” av ein utflytta storskrønar frå Sæbø ville delta på søket, nemleg Eve Walseth, og då blir storskrønaren…. han Sveinung ja J

 

IMG_0364
Oddbjørn, Eve og Helge gjer seg klare til søk.  

 

Under vatnet gjekk vi, og ikkje lengre enn 15 meter frå flytebrygga låg det noko som kunne likne på ein massiv stein, men som skilte seg noko ut frå resten av omgjevnadene. Det måtte diverre ein svenske til for å sjå den, men han veiva så ivrig med armane at folk forstod at noko var på ferde. Berre 16 m under overflata låg motoren til det tidlegare frykta kampflyet. Godt dekt av tareskog og algevekst. Vi søkte vidare i området, men fann ikkje fleire delar vi med sikkerheit kunne knytte til flyet frå 1945. Meir ligg der nok likevel sikkert, inne i mellom ein og annen steinen. Og flypropellen, den skal etter sigande ligge ein stad på Stennesrevet- noko eg garantert skal sjekke ut ved ei seinare anledning. Den hadde absolutt vore artig å finne att. Skraphandlaren må diverre likevel få sin plass i lokalhistoria trass roleg framferd som har lurt sjølv den ivrigaste lokalhistorikar.. J

 

DSC01627
Motoren låg godt tildekt av liv. Men han var der fortsatt!  

 

Etter vi var vel oppe på land igjen, og etter ein del mat, bar det so vidare oppover Norangsdalen og til eit vatn alle veit skjuler ei gamal forteljing. Eg let bileta (nesten) snakke for seg, og viser at Hjørundfjorden har også attraksjonar å by på under vatnet..

 

DSC01635
Nydeleg sikt i Lygnstølsvatnet. Her nedover den steinlagde vegen.
DSC01637

Eve i trollsk skog, og fin stil!

DSC01641
Ei verd litt som henta frå eit eventyr.
DSC01657
Brua vi fann midt i vatnet. Det gjekk ann å symje under den.
DSC01654
Absolutt eit dykk å anbefale :-)