Bondalen og Norangsfjorden opplevde straumstans i fint og varmt sommarvér i dag, utan det har vore observert noko slags form for tore og lyn, så det var nok mange som forundra seg over kva som var årsaka. Kl 12.00 måtte mannskapet frå Tussa til Bondalen for å finne feilen.

hjorundfjord.no henvende seg til våre to linjemontørar frå Årskogane, ekteparet Jorunn Hauge og Per-Ragnar Moe, og då fekk vi vite kvar, og kva som var årsaka.

 
Dette gjekk greit i dag seier Per, for det fyrste så var det midt på dag, og for det andre så er folk svært flinke å melde ifrå når dei ser noko unormalt på kraftleidningane. Mannskapet reiste rett på trafoen framom byggefeltet på Rekkedal, og der fann dei snøgt årsaka. Ein trast hadde sett seg på topptraversen på høgspentmastra tidleg i dagmorgon, og gjort sin livs store tabbe, for her var det ingen nåde. Her vart det overslag, og fuglen tende ein lysboge, som vart ståande å brenne. Dermed small isolatoren og det vart ein varig feil som laga fullstendig jordfeil i 12.00 tida.

Dermed greidde denne småtassen av ein trast, å slå ut kraftforsyninga frå Bondalseidet til Norangsholen i snart to timar.Straumen var tilkopla igjen kl.13.49, etter at isolatoren og noko leidning vart skifta.

Mannskapet sparte seg kanskje mange timars leiting idag p.g.av at dei hadde fått melding om røykdannelse og lysboge frå kraftlinja. Per oppmodar alle som ser noko unormalt ved høgspenten å melde frå til sentralen på Tussa, slik som det vart gjort denne gongen.Dette er svært viktigt, for det vil hjelpe mannskapa å finne fort feil, og å halde godt og forbyggande vedlikehald på nettet.