Eg tok kikkerten og såg ut stovevinduet, då kom pappa på at vi skulle køyre nedover til fjorden og ut på Hustadneset. Det tok ei stund å køyre og då vi hadde kome halvegs ut mot Hustadneset, så såg han pappa at cruiseskipet ”Marco Polo” som kom utafor Sæbøneset. Skipet var flott opplyst og vi såg stadigt blitslys om bord, så her var nok mange som tok bilde.

MarcoPolo kjem inn 20070706_0114
Her er det første bilde pappa tok.

Marco Polo slogen
Her svingar skipet rundt Lekneset og går inn til Øye kl.23.15.

 

Vi parkerte og gjekk heilt utpå neset. Eg tenkte på at skipet måtte ha løyvd tid frå turen til Geiranger og tok turen inn Hjørundfjorden på ein sein kveld. Vi gjekk helt utpå neset å kikra på skipet. Pappa tok bilde og eg såg på skipet. Det kom fort inngjennom fjorden og då det nærma seg Lekneset, begynte det å svinge inn til Øye og eg måtte skunde meg innover Hustadneset for å sjå det vidare, men snart var det innafor Stenneset og då var det utav syne. Alt skjedde så fort at vi måtte berre vente til det skulle kome tilbake.

Frå Hustadneset horisont
Det var ein nydeleg kveld å sjå på cruiseskip.

Det var ein fantastisk kveld med blank fjord og sola som gjekk ned ut i fjorden medan ho skein opp i Stålberghornet. Temperaturen var no 20 grader så noko betre ver kan vi ikkje få det, og ein kan berre tenke seg kor begeistra passasjerane om bord måtte være

 

mej Norangsfjord
Her stend eg å speidar etter cruiseskipet i Norangsfjorden.

Marco Polo lys
Skipet kjem som eit  lysslott i den fine sommarnatta.

siste bilde Marco Polo
Her går skipet ut fjorden, rundt klokka 1.00.

 

Rundt midnatt såg vi at det begynte å kome tilbake, men så forsvant det bak skogen på Lekneset, og vi kunne berre fylgje røyken av det. Etter ei god stund kom det tilbake, klokka var rundt 0.30 når vi fekk auge på det, det kom veldig seint, men når det hadde kome midtfjords, begynte vi å tenkje på å reise heimatt. Pappa tok nokre bilde til før vi reiste heimatt.. Klokka var 01.00 då eg kom meg heim, så då var det berre å kome seg fortast mulig i seng.

Marco Polo profil 1

 

”M/S Marco Polo” er eigd av det Britiske ”Orient Lines Europe A/S” som er eigd av”Norwegian Cruise Line”.
Det er sjøsatt i 1965. Skipet er 176 m langt, 23 m breidt og 8 m djuptgåande.
Skipet stammar frå Sovjetunionen og var frå først av eigd av ”Black Sea Shipping & Co” og heitte ”Aleksander Pushkin”. Skipet er det siste igjen i ein søskenflokk på 5. Bilde henta frå shipexplorer

Her er heimesida til rederiet: Orient Lines