Først og fremst vil eg vise til Årsskrift nr. 7 frå Hjørundfjord sogelag 1985. Jarle Walseth gir her ei grundig orientering om flyslaget i Norangsfjorden denne dagen. Eit flyfoto viser korleis båtane var plasserte: "Dithmarschen" - det klart største skipet - ligg omlag midt i fjorden eit stykke innanfor Stennes, medan dei to andre var mindre og la seg heilt inn på Norangsvika, så nær land som mulig. Ein av desse var ekskorteskip til "Dithmarschen" og hadde kjenneteikn VP 6805. Den andre båten er det ikkje opplysningar om.
 
"Dithmarschen" var på 10.816 dwt. og vart sjøsett 1937. Det var ein tankbåt - "Trossschiffe"  (forsyningsskip) - som var i eige av krigsmarinen og tente som brenselsforsyningsskip til mange av store slagskipa; m.a. Scharnhorst, Lützow og Admiral von Scheer. I åra frå 1943 - 45 var "Dithmarschen" stasjonert i Nordsjø-området, men gjekk tapt for tyskarane eit par måneder seinare i Østersjøen etter sovjetisk flyangrep. Skipet vart berga og England fekk det som krigsbytte og det fekk namnet "Southmark". Året etter  hamna skipet  i USA og fekk namnet "Conecuh".
 
Roy-Magne Mo får på denne måten eit delvis svar: Denne båten hadde nok olje i lasten og det kunne vel ha blitt lite triveleg om skipet vart senka eller kom i brann.
Dithmarschen
Biletet av båten har eg funne i tysk sjøkrigshistorie lagra under www.wlb-stuttgart.de/seekrieg/km/versorgung/t-schiffe.htm

Fjelltur Urke 06 012
 
Når eg først er inne på lokal krigshistorie, hentar eg fram eit bilete av ein flymotor av eit anna av dei nedskotne Messerschmitt 109. Motoren ligg i råsa ein følgjer på veg frå Urke til Myrsætra, Langsætra og Slogen. Svært mange passerer denne kvar sommar og stussar nok litt over synet som møter dei.. Motoren er stygt medfaren frå den tida då ungdommane samla duraluminium og leverte til skraphandlar Holck. Motoren er ein V-motor med 6 sylindarar på kvar side. Nærast, i framkant på motoren, ser vi kraftig tannhjul som er festa til veivakselen. Eit liknande tannhjul roterte om den rusta akslingen ovanfor og propell-hylsa med 3 propellvenger var festa til tannhjulet. Akslingen er innhol og ein ser tvers gjennom motoren. I denne var det montert eit kraftig maskingevær.  Flygaren heitte Hermann Jäger og berga seg i fallskjerm. Han var likevel skada og han vart hjelpt til Klokk av ungdomnmar frå Urke. Han hadde sjokolade i uniformslommene og den fekk ungar på Urke glede av.
 
Det meste av opplysningane har eg frå Årsskrift nr. 7 og frå opplysningar frå folk i bygda. Sjølv var eg for liten til å minnast desse dramatiske hendingane. Men eg ska tilstå at eg har
vore med og henta flydeler frå Breifonndalen der eit fly nr. tre styrta. Hermann Jäger varsla då han kom til Klokk: "Mein Kamerad ist kaput.." og sikta då til kameraten Wolfgang Kindt som omkom i Breifonndalen.
 
Helsing
Per Urke