Det vart ei spennande avslutning av den noko uhøgtidlege blomsterquizen vår, men ikkje overraskande sikra Lisbeth Aklestad seg eit godt utgangspunkt og til sjuande og sist vart ho også vinnaren av denne quizen som har gått over sju dagar.  I ettermiddag fekk ho overlevert premien av administratoren av portalen hjorundfjord.no, nemleg Ivar Svein Mo.

P1010061 (Large)

Her får Lisbeth Aklestad premien av Ivar Svein Mo - Hjørundfjorden og hjorundfjord.no si eiga t-skjorte.

Lisbeth har vore raskast ut med rett svar tre gonger.  Den eine av desse gongane delte ho førsteplassen med to andre.  På slutten av quizen kom Knut J. Riise sterkt.  Det var han som også var raskast ute med løysinga på quiz nr. 7.  Løysinga her var Flekkmarihand.

Men - eg får vone at dette ikkje går ut over husfreden i familien Riise - hadde ikke dotter til Knut J.  Riise - Dagny Riise Heggestad - vore eitt minutt raskare ute med rett løysing på quiz nr. 6 enn far sin, hadde Knut vunne  quizen samanlagt.  Men som sagt; Lisbeth Aklestad vart ein verdig vinnar.

P1010064 (Large)

Lisbeth har også ein vakker hage.

Eg tenkte at quizen om Rosenrot skulle vere vanskeleg, men Lisbeth var raskast ute med rett svar også der.  Kanskje ikkje heilt overraskande - eg konstatert i dag at ho hadde blomen i eigen hage...

I alt har det vore 17 som har sendt inn svar.  Georg W. Bush har rett nok ikkje svart, men vi har fått eitt svar frå Tyskland og Hilde Muren har vore ein flittig oppgåveløysar frå feriestaden sin i Nederland.  Personleg set eg stor pris på at det har vore både kvinner og menn som har sendt inn svar.  Eg nemner Kari Stokke, Annlaug Stokke, Wenche Strand, Alf Ole Aarseth, Nils Aklestad, Arne Lied, Knut J.  Riise og Dagny Riise Heggestad.  Desse og fleire til har vore svært flinke.

Eg set pris på positive tilbakemeldingar.  Postmann Ivar Ville er ein av dei.  Han har i dag gjeve meg fleire gode tips og namn.  I neste veke skal vi på ein ferietur nordover, men vi må prøve å kome tilbake til ein ny blomsterquiz seinare.  Her er mykje god kunnskap på området mellom brukarane av hjorundfjord.no.

Og:  Eg ser at  her fleire par med foreldre/born som har svara på oppgåvene.  Der mor eller far er interessert i blomar vert gjerne borna det også.  Kunnskap er lett å bere så vi som er foreldre må lære våre håpefulle om blomar når vi går tur.

Denne quizen har kanskje vore litt anonym p.g.a. at svara er sendt inn på e-post.  På tampen legg eg difor ut eit par oppgåver til - for å vise litt av kunnskapsnivået der ute.  Legg igjen svara som kommentarar.  Den første oppgåva er svært vanskeleg.  Denne blomen er nok heller ikkje i Hjørundfjorden - denne er fotografert i Herøy.  Den veks helst der brergarten olivin er.

Oppgåve nr. to er litt meir tradisjonell og fotoet ikkje heilt klart (eg tok betre foto no i kveld, men greidde å slette dei før dei kom inn på pc-en...), men eg reknar med at det kjem ei løysing likevel.

Olivingrunn

Oppgåve 1:  Kva heiter denne blomen?

P1010041 (Large)

Oppgåve 2:  Kva heiter denne blomen?  Under ser vi blada til den same blomen.

P1010038 (Large)

Det vert nok ingen premie for svar her, men legg som nemnt gjerne inn rett svar i kommentarfeltet under.