Desse bileta vart sendt meg frå ein notfiskar i fjorden. Eg bryr meg ikkje omå telje, men 60-70 lakselus på denne auren på 2 kg som vedk. notfiskar fortalde meg om, er korrekt. Denne fisken vart teke fredag i førre veker. (29. juni) Eit slikt lusangrep på ein enkelt fisk er prov godt nok på kva som i hovudsak har øydelagd villaks og aurestammene i Hjørundfjorden og vidare fjordsystem. Auren er genetisk bestemt å vandre i fjordane/langs kysten i heile året. Heile tida i "lakselusbeltet." Dvs. resultatet av oppdrettsnæringa. Smolten frå villaksen skal til havs, utsett frå same pesten. Dei aller, aller fleste er dødsdømde.Denne miljøkriminaliteten mot villaks/aurestammene våre har no snart gått føre seg i 10 år.No ser vi konsekvensane. Pjakk og aurestamma i Bondalselva er borte.Mellomstor og stor laks er på vikande front, og langsamt vekk. Jmfr. fisket i fjor. Grunneigarane i Bondalselva er heller ikkje utan skyld. Utvidinga av laksesesongen til 1. september dei siste 3 åra har vore galskap! Følgande må gjerast raskt i Hjørundfjorden for å prøve å verne reistar i Hjørundfjorden etter villaksen. Og for å "omrøme" oss.
1. Elvane i fjorden må straks stengast for alt fiske.
2. Laksenøtene i fjorden må stengast. (Einaste lovlege sjøfisket etter laks......)
3. Kontinuerelig press på Ørsta kommune om å oppretthalde sperregrensa mot oppdrett i Hjørundfjorden. (Protestaksjon med 800 underskrifter må haldast "varm")
4. Representantar for Bondalselva (som beste elva i Møre og Romsda i ei årrekkje) må ta initiativ til å samle alle villaksinteressene i Storfjordsystemet til ein felles front mot oppdrettsnæringa.
Enno er det ikkje for seint å syne til at fjordsystemet med sine 28 lakseførande laksevassdrag er unikt. Statistisk, juridisk, moralsk og etisk trakkassert! Denne saka har enno ikkje sett si avslutning.
Kommentarar
Høgst beklageleg!
No er det grunneigarane som sjølv må ta ei avgjersle i elv og på sjø. Ansvaret ligg hos dei.
Oppdrettsnæringa rår vi ikkje med i denne omgong.
I fjor var forøvrig teke snart 70 fiskar etter 3 vekers fiske.
Men det verst er: Ikkje sjanse for endring. Uten tvil Oppdrettsnæringa er ansvarlig for katastrofe men kapital er om ende alltid sterker. Dersom kommer ikkje unnsetning fra øverst, vil Bondallaksestammene i korte tid ødelagt for alltid. Det samme skjer med alt laksevassdrag i fjordsystem.
Hver skal være bevisst, at ødeleggelse av Bondallaksstammene bare er begynnelse av ende. Ikkje noen vite, hvilke videre konsekvenser det har.
Det alt for noen enkelte stormillonære, de unbetinget milliardær skulle måtte.
Om barnebarn spørre oss:Hva ha du gjort, til forhindre katastrofe? Pinlig til si: Ikkje!!
Alfred Schlegel, Eisingen, Tyskland
Norsk-språkkurset ditt i Tyskland har gjeve "resultat!"
Som den Noregs-venen du er i tillegg. Framifrå skrive.
Eg har tekje ei ringerunde til sentrale elvar på Sunnmøre. Situasjonen for villaksen i elvane er like prekær overalt.
Eit gjennomgåande tema er lakselusa.
Vart meg bl.a fortald frå Ørsta-elva at fisk er "til dei grader" angrepe av lus-pesten.
Ørsta-elva, teke med som nasjonalt laksevassdrag.
Med all respekt. Av den enkle grunn at fjorden er ein terskelfjord, ueigna til oppdrett.
Ørsta Jeger og Fiskeforeining er den mest aktive og veldreve som eg veit om. 200 000 yngel set dei ut kvart år. Stenger elva for fiske allereie (i hovudsak) frå 1. august. Likevel er elva tom for fisk, omtrent. Grunnen?
Laksesmolten og auren møter ein "armada" med laksoppdrett og dermed lakselus frå Rjånes og utetter Vartdalsfjorden.
Den "trekta" er dødsfelle!
Nesten parodisk er det å sjå Ørsta kommune sitt forslag i kystsoneplanen om å verne indre del av Hjørundfjorden mot oppdrett. Av omsyn til villaksen!!
Er det så vanskeleg å skjøne at føresetnaden for inngåande laks til elvane er utgåande og overlevande smolt?
Det synast vere berre ei løysing. Oppdrettsanlegga i heile Storfjordsystemet, inkludert Ørsta/Volda fjorden og Vartdalsfjorden må landbaserast!
Vi kan ikkje finne oss i at nærare 30 lakseførande vassdrag vert øydelagd, forulempa og "valdteke" som dei vert.
Øydelagde øvrige villfisk-stammer i tillegg.
Eg kjem til å ta eit initiativ, på privat grunnlag, for å samordne villaksinteressene i heile fjordsystemet til å organisere seg.
Med saklege argument, statistikk og informasjon må vi ta opp kampen!
Målsetjinga er ikkje lenger sperregrenser. Det har ingen effekt!
Eit 100 prosent oppdrettsfri fjordsystem, der lakssmolten kan fritt gå til havs ut Breisundet. (og tildels Rovdefjorden)
Då kan lakssestammene i fjordane langsamt byggast oppatt.
Som før sagt. Ikkje noko fjordsystem i Noreg har så mange lakseførande vassdrag. Skal vi berre stilltiande akseptere at desse mange tusen år gamle laksestammene vert "ofra på i hovudsak, oppdrettsnæringa sitt alter?"
Nei, spør du meg!
Samstundes må forvaltningsmynde vedr. fisketid igjen verte tillagd Direktoratet/Miljøvernavd.
Dei siste 3 åra "frislepp" med lokal avgjersle vedr. fisketid har og er i ferd med å verte ein parodi.
Fiske opp dei siste gytefiskane!
Hovudangrepet må rettast mot oppdrettsnæringa. Men elveinteresser vert ikkje teke alvorleg om dei ikkje "feiar for eiga dør."
Steng elvane! Søk dialog og stopp notfisket etter laks i fjordane! (Det er forøvrig berre eit tidsspørsmål før dette, einaste sjøfisket etter laks, vert forbode.
Derifrå orienterar og omrømer vi oss.
P.s
Eg bryr meg elles ikkje om mange er lei av "mine skriverier" om denne saka.
Eg gjev meg ikkje!
Det går ikkje berre om villaks. Men om miljø, trivnad, og med det busetjing i fjorden!