DSCN2666

Her har pus musa framføre seg. Musa er sjølvsagt livredd. Den siste timen er komen. 

 

Uttrykket kattens leik med musa har festa seg på folkemunne. For dei som har sett spelet mellom katt og mus, passar uttrykket godt. Og lat meg åtvare med ein gong. Denne soga har ingen lukkeleg slutt. I alle fall ikkje for musa.

Når ein ser eit rovdyr i sving, for også huskatten er eit rovdyr, er det spesielt. Her på bondelandet veit eg at ein bør vere varsam med å hylle rovdyret, men det har sin plass i naturen.

 

No trur eg ikkje at huskatten kjem på line med jerv, ulv, gaupe og bjørn - i alle fall skadar han ikkje husdyr. For mange er huskatten eit nyttedyr. Han tek seg nemleg av plageånda mus. Det er nok av historier om husmus som har øydelagt kokebøker, som den snille varianten, til at dei har øydelagt vegger og tak, som den alvorlege varianten. Mange har oppdaga at katten er beste botemiddelet, og betre enn gift og feller.

 DSCN2664

Musa har nådd slutten, der ho snart er i kjeften på katten. 

 

Her om kvelden var pus ute, og han var uvanleg fråverande når det galdt menneskeleg merksemd. Det var då eg såg han leika seg med musa.  Stakkar musa hadde ikkje ein sjanse. Katten leika seg med dyret i vel ein time før det vart gjort kort prosess.

 

Skulle eg ha gripe inn, og berga musa? For tjue år sidan hadde eg sikkert gjort det. No skjønar eg at det handlar om naturens gang. Eg sparer lesarane for dei mest groteske bileta, men for å avslutta soga: Katten vann.