Med Pc-en full av ulike vervarsel, er det knapt nokon som bryr seg om slikt.
Men før i tida var slike varsel viktige. Og i går kveld, fleire timar etter at sola hadde gått ned på Rise, og det hadde teke til å skymest litt, då skein sola så nydeleg inn gjennom fjorden at eg måtte fram med fotoapparatet.
Då kom det også føre meg kva dette tydde for veret neste dag. Og kor ofte slike verteikn vart siterte før i tida.
Ein slepp å tvile på kva ver som er i vente neste dag.
Eit like sikkert varsel er når det legg seg ein skoddedott ned i sida på Saksa. Då er det regn i løpet av 2 dagar.
I skrivande stund er fineveret her framleis, og det visste eg allereide i går kveld kl. 23.30, då eg tok bileta.
Kommentarar
Mvh:
ALEX(altfor langt vekke) Riise Olsen
Eg meinar at eg har høyrdt at i Belgia fins det ingen stad ein kan stå uten å sjå bygningar.
Det høyrest fælt ut for meg, men det fører vel til at du kjem heim for godt ein gong. Slike kjekke karar får vi ikkje nok av i Hjørundfjorden!