Frode har sin eigen kennel med alaska-huskyar på Sæbø. Titt og ofte er han å sjå langs dei mindre trafikkerte vegane i Bondalen. Vinterstid med hundespann og slede, og sommarstid med hundespann og ei firehjula trekkvogn.

Vi  møtte Frode medan han var i ferd med å spenne på hundane til ei treningsykt. – Det er vel dette som er barmarkstrening, seier Frode.

DSCN2608

Frode er glad i hundane sine. Her Tirill og Prikk som vert sentrale i løpet.

Dei elleve hundane er begeistra når dei ser Frode leite fram trekkutstyret. Dette er tydeleg noko dei likar. Dei vil også få det tøft fram mot Femundløpet i februar. – Eg reknar med å leggje bak meg 200 mil før sjølve løpet. Hundane skal ikkje vere ubudde på det som ventar dei, fortel Frode.

At det nettopp er Frode Holen som er den første lokale som prøver seg i fot- og hundespora til ekvipasjane til Lars Monsen og likesinna, er ikkje tilfeldig. Det bur ein eventyrar i Frode. Skog, mark og fjell er der Frode likar seg best, og han likar også å utforske det nye. Som i fjor då han saman med tre kameratar klatra Holmshornet frå Hjørundfjorden og opp. Det har ikkje mange gjort tidlegare.

Det var i Hedmark Frode fekk interessa for hundar. Han gjekk lina for viltforvaltning på Høgskulen i Hedmark. Han kom i kontakt med miljøet, og fekk sjå kor fascinerande det er å drive med hundekøyring.

Sommartsida er Frode mest på Sæbø, men vinterstida held han seg for det meste inne i dei djupe skogane. Mellom anna har han vore engajsert i rovdyrsovervaking i Hedmark.

FSCN2625

Her driv Frode barmarkstrening.

Han har elleve hundar i kennelen sin på Holen på Sæbø. Seks av dei skal vere med i Femundløpet. – Det er eigentleg to tevlingar i Femundløpet, ei på 600 kilometer, og ei på 400. Eg skal vere med på fire hundre kilometer. Det er lov å starte med åtte hundar, og minimum fem må vere med over målstreken. Eg skal no få tak i to andre hundar i tillegg til dei seks eg har plukka ut. Dei andre eg har her i kennelen er ikkje røynde nok, fortel Frode.

Femundløpet er det støste hundeløpet i Europa når det gjeld deltaking. Finnmarksløpet er det lengste. Femundløpet gjekk tidlegare som namnet seier innover Femundmarka. Det gjer det ikkje lenger. Løpet har vorte meir publikumsvenleg, og går i traktene rundt Røros og Tolga.

- Men det er tøft nok, mellom anna skal to fjellpass passerast, fortel Frode.

Han reknar med å bruke to og eit halvt døger på konkurransen. Då er det lagt inn minimum to stopp med kvile for førar og hundar. I eit slikt løp har han ikkje lov til å ta i mot hjelp undervegs.

– Likevel har eg lov å nytte hjelp til å få lagt ut proviant mellom anna, fortel Frode.

Det vil koste å vere med i Femundløpet, og Frode vil no vende seg til det lokale næringslivet i Ørsta og Volda med tanke på sponsorstøtte. Han har alt fått signal om at verksemder vil medverke med midlar og rimeleg utstyr.

Frode signaliserer at det kan verte fleire Femundløp om vinterens store mål går bra. Men å vere med i dei store internasjonale løpa i Alaska, som t.d. Iditarod, er han meir tvilande til.

-     Eg trur ikkje det, seier Frode.

Jørund Walseth er Frode sin hjelpemann før  og under Femundløpet. Folk og firma som vil medverke med støtte kan vende seg til Jørund på følgjande e-post-adresse: Jorund (snabel-a) krocketfestivalen.no