IMG_0027 

IMG_0024 

  

Den 2/7 var vi 14 stykker som tok turen mot Hustadnestuva.

Det var ein flott, litt bratt tur (somme stadar), men godt merka og god rås.

Då vi kom til lissehauen fekk vi sjå flott utsikt, (sjå framsida), berre turen dit baud på overasskande god utsikt.

Vi såg bondalen ,Sæbø; Trandal, Leknes, Nordangsfjorden.og innover mot Viddal og Skår.

Verkeleg verdt eit besøk!

Vi ville til "topps" so vi gjekk resten opp mot tuva,  alle var like spreke og gjekk heilt opp!

IMG_0042

Dette bildet og det under er frå turen 9/7.

Det øverste bilde er frå Årskogstøylen, som de ser var vi seks damer denne dagen.

Her har vi ein liten rast før vi gjekk vidare mot Høgereset.

På det nederste bilde er vi på Høgereset, vi skriv oss i boka før vi går bort til Bjønnalauget.

Det vart ikkje bada i lauget denne gongen ,då veret var litt surt og kaldt oppe på reset.  

IMG_0043IMG_0055 

Desse to bilda (over og under) er frå turen på Storenakken 16/7

Denne gongen var vi 11 damer, Anette Bröker frå Tyskland som var med på nokre turar i fjor, kom på ferie hit att i år klart for nye turar !

Ho er midt i bildet med oransje sjorte.

Her har vi pause ved korsastreken og nyt utsikta mot bondalen.

På nederste bilde ser vi oss på storenakken, som de ser er skogen i full vekst og hadde trengt litt rydding for at utsikta kom til si rett.

Dette er ekte flottemark, eg plukka 5 stk!

IMG_0060