På denne familiedagen brukar det å være slik at ein kan gå ei runde rundt vatnet, der ein kan delta i ein konkurranse med diverse spørsmål for store og små. Det er også forskjellig å sjå og oppleve på turen. Noko av det første vi kom til var nokre høner, og hestar som barna fekk ri på. Vi møtte også på Bukkene Bruse.
Der møtte vi også på Wenche Myklebust som hadde ei trivelig lita eventyrstund med barna.
Rompetroll var det også spennande å studere langs veien.
På ein av postane var det motorsagutstilling med sager frå då dei første motorsagene kom i 1950 og utover. Legg merke til saga t.v uten kjede...
Så kjem vi til quizen:
TIPP VEKTA PÅ DENNE JOBU-JUNIOR SAGA!
Utsikta er det ikkje noko å sei på når ein går rundt vatnet, Ørsta-fjella er heller ikkje så verst.
(Det slo meg at kanskje Knut og Fred ikkje er klar over at det kanskje ikkje er for seint å renne ned frå Saudehornet enda. Ser dokke den samanhengande lange renna ?)
(Sorry AC ;)
Det var også¨fleire dyr å sjå på langs ruta; lam, grisungar og ei stolt lita geit
Dette er noko barna set stor pris på.
Ein kunne også leige kanoar frå jeger og fisk og ta seg ein tur på vatnet(kanskje litt vanskelig å sjå her, men dei er der)
Tilbake til start kunne ein kjøpe rjomegraut, pølser, lefser og sveler som bygdekvinnene selde.
Og kven trur du ikkje var der å passa på at alt var bra og at alle fekk hjelp om dei trengde det? Jauda, vår alles kjære Bernt Arve som stiller opp alle stadar:)
Kommentarar
Men tru det eller ei - det er framleis fint å gå på ski på Skårasalen noko Knut J. Riise & Co nytta seg av. Og berre så det er sagt - i går var vi på Odd Nordstoga-konsert og kven var vakt der? Sjølvsagt - Bernt Arve Hustad.
Men: I alle høve alle småbarnsforeldre må ta med sine håpefulle til dette arrangementet ved Bjørdalsvatnet til neste år. Eg føler meg sikker på at det vert nytt arrangement då.