Hjørundfjorden bygdemoblisering har den glede å gratulere vår styremedlem i Styringsgruppa Linda Stokke og samboaren Arve Rødvik med ein flott gut.Linda og Arve bur på Stokke i Pegarden, for dei som ikkje kjenner dei. Ja, gratulasjonane gjeng sjølvsagt til storebroren Nikolai også, som må konkurrere med faren Arve om kven som er mest stolt i dag. Ein svært stolt far kunne no på kvelden, etter å kome nedpå marka att, kome med dei faktiske opplysningane om storhendinga som hadde skjedde i natt.

Linda og familien web
Familie på fire. Linda, lisjebror,Arve og Nikolai.

Guten var fødd i natt kl.3.15 på Åse i Ålesund, og var 3705 gramm. Lengda var ein gyllen halvmeter, rettare sagt 51cm. Namnet ville vi vite, men der måtte vi vente til familierådet hadde behandla saka.

stolt bror 1web
Ja kven som er mest stolt her, er vanskeleg å ta stilling til.

nikolai å lillebror web
Ein stolt bror.

Tilslutt må vi også gratulere besteforeldre, onklar og tante. Besteforeldra Ole og Bente er i Belgia på ferie og fekk nyhende i natt. Håper de les portal så de får sjå desse fine bileta vi fekk i frå onkelen til den nye, Terje Stokke.

 

Stor gratulasjon til deg Linda frå ei samla styringsgruppe, du har virkeleg teke bygdemobliseringa på alvor å skaffa oss det mest verdifulle vi kan få i ei bygd.

 

Med beste helsing  Styringsgruppa.

Ivar Svein Mo