Hjørundfjorden bygdemoblisering har den glede å gratulere vår styremedlem i Styringsgruppa Linda Stokke og samboaren Arve Rødvik med ein flott gut.Linda og Arve bur på Stokke i Pegarden, for dei som ikkje kjenner dei. Ja, gratulasjonane gjeng sjølvsagt til storebroren Nikolai også, som må konkurrere med faren Arve om kven som er mest stolt i dag. Ein svært stolt far kunne no på kvelden, etter å kome nedpå marka att, kome med dei faktiske opplysningane om storhendinga som hadde skjedde i natt.

Familie på fire. Linda, lisjebror,Arve og Nikolai.
Guten var fødd i natt kl.3.15 på Åse i Ålesund, og var 3705 gramm. Lengda var ein gyllen halvmeter, rettare sagt 51cm. Namnet ville vi vite, men der måtte vi vente til familierådet hadde behandla saka.

Ja kven som er mest stolt her, er vanskeleg å ta stilling til.
Ein stolt bror.
Tilslutt må vi også gratulere besteforeldre, onklar og tante. Besteforeldra Ole og Bente er i Belgia på ferie og fekk nyhende i natt. Håper de les portal så de får sjå desse fine bileta vi fekk i frå onkelen til den nye, Terje Stokke.
Stor gratulasjon til deg Linda frå ei samla styringsgruppe, du har virkeleg teke bygdemobliseringa på alvor å skaffa oss det mest verdifulle vi kan få i ei bygd.
Med beste helsing Styringsgruppa.
Ivar Svein Mo
Tusen takk! (31.07.2007 kl. 20:29)
Tusen takk for alle gratulasjonane. Linda og lisjebror kom heim i går etter ein "hotellweekend" på Åse pasient/barsel-hotell. Forma er bra og erfaringane med Ålesund sjukehus er gode, men håper likevel at ikkje føden i Volda stenger fleire gongar.
Helsing Linda, Arve og Nikolai
Linda Stokke
Gratulerer! (30.07.2007 kl. 13:45)
Gratulerer så mykje med nyfødd Hjørundfjording. Dette kan det verkeleg vere meining i =)
Tor Eirik Trandal
Barnehagen gratulerer med ...... (30.07.2007 kl. 12:42)
og gleder oss til å sjå deg Nikolai og lillebror når du er ferdig med ferien.
Hilde Muren
(29.07.2007 kl. 22:32)
Gratulere so masse med lisje guten.so nydelig da:)
Elisabeth Aam
Gratuelerer!!! (29.07.2007 kl. 19:35)
Gratulerer Linda, Arve og Nikolai. En kjekk lillebror e go å ha :-)Det beit vi no noko om noken og ein kvar. Nikolai er vel klar til å læra han om både grravemaskiner og ambulansar - og far og bestefar er vel like klar for å bistå .-)
Gtratulerer til besteforeldre, oldeforeldra, gamle tanter og onklar (det heite vel grandtante Marit og Grandonkel Oddvar no???)
Eva Aarskog
Gratulere :o) (29.07.2007 kl. 18:16)
Gratulere med den skjønne gutten din. Kan tenke meg du var passe lei av å gå å vente på babyen din. Til lykke fremover.
Marianne Holen
Reserve bestemor (29.07.2007 kl. 17:08)
Hellandussen for ein nydelig prins. gler oss mykje til aa faa kose med gutten; og bli kjent med han. ser att Nikolai er stolt storebror, hilser fraa reserve og orginale besteforeldre samt tante og onkler i Belgia:D
Marit Riise Olsen
Gratulerer! (29.07.2007 kl. 16:49)
Gratulerer med guten til dokke alle!
Vibeke Mo
Forslag til navn (29.07.2007 kl. 12:12)
føyer meg inn blant gratulantene.
Så et forslag til navn: Tind (uttales som halve navnet til Tin-Tin)
Fred Ingar Somby
Gratulerer! (29.07.2007 kl. 11:17)
Gratulerer så mykje til Linda, Arve og Nikolai!
Sveisen til poden levnar jammen ikkje mykje tvil om farskapet :)
Arnfinn Mork
Gratulerer! (29.07.2007 kl. 01:22)
Gratulerer til Dokke alle :)
Søte gut med masse hår!!
Synnøve Mo
(28.07.2007 kl. 23:57)
Gratulere me guten :)
Ann Kartin Hjorthaug
Endeleg! (28.07.2007 kl. 22:32)
Eg er vanlegvis elendig til å fylgje med på terminar, men eg synest å huske at Linda sa midt i juli. I går sende eg eit spørsmål til Arve om korleis det går med Linda? Svaret var, at kanskje i morgon--? Han traff godt, men så har han vore med på prosjektet frå første dag. Det viser no bileta!
Kjekt når alt går bra sjølv om ein "står attpå".
Gratulerer til foreldre og besteforeldre frå Helga og Knut!
Knut Riise
Gratulerer! (28.07.2007 kl. 22:15)
Gratulerer så mykje til Linda, Arve og Nikolai!
Sveisen til poden levnar jammen ikkje mykje tvil om farskapet :)
Arnfinn Mork