Eg og pappa køyrde ned på Hustadneset, men då var allereide skipet kome eit stykke innom Sæbøneset. Den hadde akkurat køyrd forbi M/F Fjord Øye, den nye turistferja. Skipet gjekk veldig stille og kjapt, og det er fordi at skipet er så nytt. Eg synst det var litt dumt at det var sånn dårleg vêr når turistar skulle inn å nyte fjorden, men det var opplett då skipet kom, å det kan vel være positivt at passasjerane får sjå skikkeleg vestlandsvêr. Så kom M/F Nørvøy for full fart til Lekneset, cruiseskipet og ferja kom bra nær kvarandre. Då fekk pappa tatt nokre bilder. Eg kikra berre som vanleg med kikkert og det var stor forskjell på størelsen på desse skipa. Egentlig var det berre eit skip som skulle kome, men no var det visst 3 skip...

ferja og skipet
Her er M/F Nørvøy og M/S Silver Wind på veg inn Norangsfjorden
Etter ei stund forsvant skipet heilt og vart snart utav syne og gjekk inn Norangsfjorden. Vi rekna med at det tok tid før det kom attende så vi fôr berre heimatt, for då vi  fôr nedover skulle vi akkurat til å ete. Då  vi skulle til å reise, såg eg at Nørvøy gjekk inntil Skår.

Rundt 7 tida kom skipet tilbake frå Norangsfjorden og fôr utover fjorden så den hadde brukt ein del tid i Norangsfjorden.
Ingress
Silver Wind er eigd av det Italianske rederiet Silversea Cruise, rederiet har 6 stjerner service på skipa sine og blir dermed eit av verdens mest luksuriøse rederi. Skipet er sjøsatt i 1995, det er 155 m. langt og 21 m. breidt og 5 m. djuptgåande. Silver Wind har også eit søsterskip som heiter Silver Cloud. Fakta Om Fartyg har også ei side om skipet