
Kva heiter denne blomen?

Blomen er omtrent så stor som ein prestekrage.
Eg vil no ikkje seie så mykje om denne blomen, men den står på "raudelista", dvs. at den står i fare for å verte utrydda. Denne blomen vart fotografert her i Bondalen sist laurdag.
Rett svar sender du til: quiz@hjorundfjord.no
Lykke til.
Trur eg har sett en (12.07.2007 kl. 22:54)
Rett framanfor nedste delen av fonnvernet på Sæbø. Den hadde ikkje sprutte( å sprette.sprett, spratt, sprutt? Off,den gramatikken;() ut då eg såg den, so heilt sikker er eg ikkje. Dette var for ca en mnd sidan, kan det stemme med blomstringstida?
Unn Frøland
Svaret er Solblom (12.07.2007 kl. 22:23)
Denne var utan tvil vanskelegare, men likevel kom det inn mange rette svar. I dag brukar vi Dagny sitt svar som fasit (og så vert det litt sjølvskryt også): "Hei, dette var gøy!
Lurt å engasjere oss på denne måten.
Tru kanskje at dette er solblom, arnica montana, som høyrer til i korgblomefamilien.
Helsing Dagny Riise Heggestad"
Det var også Dagny som var først ute med rett svar og dermed slo ho far sin, Knut J. Riise, med eitt minutt.
Solblom står som nemnt på "raudelista", dvs. at den er truga - står i fare for å verte utrydda. Det er framleis ein del att av den her på Sunnmøre, men lenger nord i fylket er snart borte. Dette har samanheng med attgroinga av kulturlandskapet. Den likar seg best der storfe beiter. No har eg ikkje lyst til å seie kvar denne er fotografert, men det er i nedre halvdel av Bondalen.
Knut Hustad