
Kva heiter denne blomen? (Her foto med blitz)
Denne blomen vart tidlegare brukt medisinsk. Den har såleis mange lokal namn, men kva er det offisielle?
Send svaret til: quiz@hjorundfjord.no
Lykke til.
Rett svar - gullris (10.07.2007 kl. 22:19)
Kari Stokke sitt svar får vere fasiten også i kveld: "Dette er gullris - Solidago virgaurea".
Og den som var først ute med rett svar var Knut J. Riise.
Knut Hustad
Leiinga så langt. (10.07.2007 kl. 09:30)
Vevmeister Tor Eirik Trandal etterlyser resultat så langt. Eg hadde tenkt å kome med ei resultatliste i kveld, men kan det auke interessa for quizen, kjem eg gjerne med resultatlista til no.
Den som vinn quizen er altså den som er raskast ute med flest rette svar. Er det to eller fleire som som deler førsteplassen når quizen er ferdig, vert det sjekka kven som har flest 2. plassar osb.
Lisbeth Aklestad har to førsteplassar så langt. Alf Ole Aarseth har også to. Nils Aklestad og Knut J. Riise har ein førsteplass kvar. (Lisbeth, Alf Ole og Nils deler ein førsteplass)
Men NB: Dersom ein eller annan ikkje har vore med i denne uhøgtidlege konkurransen til no, er det sjølvsagt berre å bli med frå i kveld. Ja, det er tre oppgåver att og er ein først ute med å ha rett svar på desse oppgåvene, er ein vinnar av heile konkurransen. Det er ca. 15 personar som er med i denne konkurransen til no.
Rett svar på blomsterquiz 4 kjem i kveld ca. klokka 2230. Då vert også ny oppgåve lagt ut under artiklar her på hjorundfjord.no.
Knut Hustad