I dag, fredag 6.juni, ca. klokka 2230, dreg vi i gong ein blomsterquiz. Denne quizen vil gå i sju dagar framover og den som er raskast ute med flest rette svar, har vunne. Og kva er premien? Jau, sjølvsagt er det Hjørundfjorden og hjorundfjord.no si vakre t-skjorte.
Denne quizen er open for alle - sjølvsagt t.d. også for president Georg W. Bush og "vår eiga" Elisabeth Frøland i Australia.
Nei, prestekragen er nok ikkje med i quizen/konkurransen.
Det er underteikna som har fotografert dei aktuelle blomane og dei er fotografert her i Bondalen. Alle fotoa er ikkje like gode, men oppgåvene skal likevel vere like for alle. No kan du sjølvsagt legge att svaret som ein kommentar under, men det er nok lite lurt. Vår eigen vevmeister Tor Eirik Trandal har laga denne guiz-adressa:
Når du veit - eller trur du veit - svaret, sender du svaret til adressa over. Du må likevel gjerne kome med kommentarar/opplysningar om planta dersom du veit noko spesielt om den, men det kan altså vere lurt å vente ei stund etter at oppgåva er lagt ut her på hjorundfjord.no kvar kveld ca. klokka 2230-2300. Oppgåvene vert lagt ut under artiklar.
Lykke til.
Kommentarar
Eit nytt ord for meg.
Betyr det å finne rette løysinga på spørsmålet.
Det samme er Grendahus for meg.
Quiz er sjølvsagt ikkje eit godt nynorsk ord. Difor diskuterte vevmeister Tor Eirik og eg om kva vi skulle bruke - konkurranse eller Quiz. Utan tvil er quiz eit moteord. Det vert no mykje brukt om litt meir uhøgtidlege spørjekonkurransar - noko vi tenkte dette skulle vere. Kanskje er ordet "quiz" også litt meir populært enn ordet "konkurranse" mellom dei yngre?
Eg nemner også at aasentunet.no har ein quiz gåande, men dei skriv ordet slik: Kviss. Og: Quiz er eit godt ord på engelsk. Eg er ikkje heilt sikker på om Georg W. Bush forstår ordet "konkurranse"
Han er ikje velkommen til Bjørke i vert fall.
Då må i vert fall eg vere innelåst.
Beklager!
At regjeringa ikkje tør å seie i frå at nok er nok så må nok folket gjere det.
Nok med det nå. Ok.
Nå vil dei stille Bush for riksrett i USA.
På tide.
Nå må Norge også seie klart i frå at vi ikkje støtter en slik ledar.