Folk koset seg i sola og dei fekk sjå seg litt rundt på den korte tida.
PrillarGuri besøkte dei så klart.
John Slyngstad guidet dei inn heile Hjørundfjorden til Bjørke
Dei fekk fortalt historia til PrillarGuri og dei fekk sjå den flotte Bjørkekyrkja .
Kraftverket og minnesteinen der kikket dei på også.
Kommentarar
Hjørundfjorden vil aldri verte heilt ut turistmål/fjord før innste fjorden er med.
Bra, Perry! Du er den jordnære typen til å ta imot! Likeeins folkeleg fronte og auke turisttilstrøyming til Bjørke.
Gler meg eg kvar gang eg kan guide folk og ønske dei velkommen til Bjørke.
Eg får mange innspel om kva dei besøkende ønsker seg på Bjørke.
Eg lytter på det så klart.
Eg skal no prøve å gjere så godt eg kan så folk får lyst å komme tilbake.
Eg køyrde nokre båtturister til Kaldvatn en kveld og guidet dei rundt Bjørke.
Dei fekk no sjå litt av Bygda.
Ellers så hjelper eg til der eg kan.
Nokre er lens for røyk/papir andre grillkull.
Bensin er det verre med her inne.
Ellers så snakker eg ofte med tyskerne og får stadig nye venner på Kaldvatn Camping.
Eg får no en god prat og venner som takk for tenesten.
Penger har no eg ikkje lov til å ta.
Skal det bli utvikling innen turisme og man skal ha lov til å ta seg betalt burde man satse på å starte eit A/S
Mange spør meg om kva bygdmobliseringa er for noko og kva dei gjer.
Ikkje alle her inne har tilgang på pc og nett.
Dei les no litt i Mørenytt seier dei eldre men det er no etterpå at ting har våre.
Eg veit ikkje alt om bygdmobliseringa heller men prøver no å forklare så godt eg kan.
Utan, med få unnatak, betaling. Ikkje har eg vore interessert i det heller. "Ein god prat og nye bekjentskaper" som du seier, har vore betaling god nok! Avdi eg snakkar både tysk og engelsk, har det gjeve meg mange hyggelege vener.
At andre i bygda har nytt godt av det økonomisk, er ei anna sak.
"Pengar har eg ikkje lov å ta," seier du. Sjølvsagt har du det, om du ynskjer det! Du tilbyd ei teneste, Perry. Som det er etterspurnad etter!
I dag er turistnæringa den sterkast veksande næring i verda. Ingen korkje krev eller forventar lenger at guiding er gratis.
Uansett kvar vi reiser i verda, så er ikkje noko så hyggeleg som at ein lokalkjend syner interesse og er hyggeleg og imøtekomande ovanfor turistar! Det vert vektlagd sterkt om ein skal kome att!
Eg kunne så klart Guide i ungdomslaget sitt navn og dei sat med inntekta.
Ungdomslaget er no eit firma og dei slepp no skatt også.
Mykje regler nå til dags å forholde seg til.
Når vi skal servere mat i Bakkedalen under Naturfestivalen så skal Næringmiddeltilsynet ha beskjed om tid og sted og korleis servinga går føre seg.
Her er det mange regler ved servering av mat å forholde seg til.
Papirmølla!
Eg trur nok, Perry, at det en nok at du gjev opp event.inntekter til skattlegging.
Aksjeselskap som vert oppretta er nok av skatteomsyn. Dvs. for å betale mindre skatt. I tillegg til at ein er ansvarleg berre for aksjekapital ein set inn i firmaet. Om det går gale!
Vel, Perry. Dette legg vi no "død." Eg er meir interessert i om det er vorte teke fleire laksar i elva? Likeeins ein rapport om korleis fisket er på sjøen? Her er det elendig både på sjø og elv! Sjølv seien uteblir! Ser du småsild inn i fjorden? I det minste høyrer vi om ein og annan makrell som vert teke her på Sæbø-vikja.