I klassa har det gått åtte jenter og fire gutar. Sidan skulane på Øye og Rekkedal vart nedlagde for 5 år sidan (våren 2002 trur eg..) har klassa bestått av desse 12 elevane.
Jentene f.v. Marita, Sara, Synnøve, Elisabeth, Karoline, Torill, Jenny Karin, Liv Grete og kontaktlærar Marthe. Gutane framme, Marius, Øystein Dimitri og Sindre. Øystein Frank manglar.
F.v. Marita, Sara, Jenny Karin, Karoline, Elisabeth, Liv Grete, Torill og Synnøve.
Marita og Jenny i Ørstabunad, Sara, Torill, Elisabeth og Synnøve i Sunnmørsbunad, Liv Grete i Hjørundfjordbunad og Karoline i Nordmørsbunad?
Øystein Dimitri stod for lydinnslaga.
Ynskjer alle saman lykke til med framtida!
Kommentarar
Lukke til videre!
Noregs Ungdomslag har i alle å hat folk som jobber med bunaden og holder kurs i bunadsying.
Har dere interesse for Bunad/bundsarbeid så ta kontakt en av desse.
Dei gjer ei stor innsats for å sikre at bunaden og tradisjonen skal leve vidare.
Mange etterligninger kan kjøpes nå til dags så det er sers viktig at gamle mønster blir brukt og at den håndlaga bunaden forsatt blir å få kjøpt.
Bunadnemnda
SfU sine representantar i bunadnemnda 2007:
Desse vart valde inn etter årsmøtet i SFU 3.mars 2007:
Bjørg Astrid Rørstad, Hilde Johanne Rødal og Åshild Ytredal Liaskar.
Vara: 1. Ragna Driveklepp, 2. Lilla Høydalsvik
Årsmelding for bunadnemnda 2006
Nemnda har hatt følgjande samansetjing:
Leiar: Turid Aspehjell, HE
Nestleiar: Bjørg Astrid Rørstad, SFU
Sekretær: Hilde-Johanne Rødal, SFU
Kasserar: Solveig Grimstad Hansen, HE
Medlem: Marit Alnes, SFU
Karen Vårdal, HE
Ingeborg Frisvold, SM
Vara: 1. Sigrid Lien, SFU
2. Ragna Driveklepp, SFU
1.Edit Tomren, HE
2. Reidun Hunnes, HE
Frå Husfliden har følgjande møtt: Disponent Åse Karin Gjære samt damene frå Bunadsavd. Arbeidsutval: Turid Aspehjell, Ingeborg Frisvold, Bjørg Astrid Rørstad og Hilde-Johanne Rødal.
Det har vore halde 4 styremøte, 1 arbeidsmøte og 1 møte med Bunad- og Folkedraktrådet. Vi har hatt ei rekkje telefon- og datamøter. Det har til saman vore handsama 29 saker.
Vi har delteke på årsmøtet til Husflidens Eigarlag, foredrag v/John Fredrik Skaue vedr. bunad på Sunnmøre Museum, og Volda Husflidslags sitt 100-års-jubileum, og frivillighetsfestivalen i Sunnmørshallen.
Det har vore arbeidd særs mykje med folkedraktene. Vi har arbeidd med forkle, sjal, lomme, lommelås og strikkaermer. Vi fekk dessverre ikkje tilrådd lomma i dette arbeidsåret heller. Det som står att på den er lommelås. Vi er no godt i gong med å rekonstruere strikkaermer.
Vi har fått laga eit råutkast til mønster, skaffa raud tråd og fått Petra Folkestadås til å prøvestrikke. Vi håper å få desse i løpet av neste arbeidsår. Rekonstruksjon er spennande, men veldig tidkrevjande. Det er ikkje lett å finne same materiale eller tilnærma det som var brukt på 1800-talet. Vi har heldigvis god kontakt og hjelp av ekspertisen på Bunad- og Folkedraktrådet.
Det er nokre år sidan folkedraktene vart rekonstruert, og vi følte at ein del dokumentasjon mangla og at mykje av kunnskapen om dei var gått i gløymeboka. Dette ville vi gjere noko med, og 12. januar var vi 10 optimistiske damer som starta på kurs for å sy folkedrakt kvinne. Til lærar hadde vi Ragna Driveklepp, Eldbjørg Lefdal og Margrethe Kiperberg. Desse damene var med på rekonstruksjonen av dei på 90-tallet. Vi lærte utruleg mykje på dette kurset. Desse erfaringane vil vi dele med andre. Vi vil oppdatere saumbeskrivelsane slik at dei stemmer med det historiske og det som ein gong vart rekonstruert.
Det er ynskjeleg å få i gong fleire kurs, for det er ein viss etterspørsel etter desse draktene. Men før vi kan setje i gong slike kurs må vi vere sikre på at Husfliden kan skaffe det materiellet som vi treng.
Vi hadde ein 3 siders reportasje med tekst og bilete i Jul på Sunnmøre, og den har vi fått mange positive tilbakemeldingar på. Vi har også blitt den lykkelege eigar av ei bærbar datamaskin. Det vil lette det administrative arbeidet vårt ein god del. Vi har ei mengde data som er lagra på private maskiner. No kan vi endelig få samle det som gjeld Bunadnemnda på denne maskina. I arbeidet vårt legg vi heile tida vekt på at alle vedtaka våre må vere begrunna og med tilvisning til eksakte kjelder.
Eg vil til slutt takke alle i nemnda for det arbeidet dei har utført i året som gjekk.
Ålesund, 15. januar 2007 Hilde-Johanne Rødal, sekretær